Høyring om ny lov om utøving av jakt, fangst og felling av viltForslag om ny lov om utøving av jakt, fangst og felling av vilt (viltressursloven) er komme ut på offentleg høyring Lova er foreslått som ei erstatning for dagens viltlov frå 1981. Publisert 25.09.2024 12.09 Sist endra 25.09.2024 16.52 Høyringsfrist er 25. oktober 2024Bakgrunn for ny høyringEtter lova trådde i kraft har mange av paragrafane vorte oppheva, eller dobbeltregulert i både viltlova og anna lovverk. Dette får lova til å framstå utdatert, og uoversiktleg. Forslaget innebere mykje vidareføring frå eksisterande lov og praksis, men med oppdatert språk og formuleringar, og fjerning av dobbeltreguleringar. Forslaget har og lagt mykje vekt på kva som bør væra regulert i lov, og kva som bør vera regulert i forskrift. Som fylgje av dette legg lova opp til ei revidering av fleire eksisterande lover og forskrifter som vil kome på høyring seinare, der både lover og forskrifter vert vedteke samtidig. Dette fører og til ei omstrukturering av lova som gjer at det ikkje er mogeleg å samanlikne paragraf for paragraf, men ein lyt samanlikna ny og gammal lov som heilskap.Departementets vurderingDepartementets vurdering bak forslaget finn du på side 35 til 220 i vedlegget “Forslag til ny lov om utøvelse av jakt, fangst og felling av vilt (viltressursloven)”. Her er det beskrive korleis forslaget er ulikt eksisterande rettspraksis, og kva vurderingar som ligg til grunn. Sjølve lovforslaget ligg på side 220 til 237.HøyringsdokumentHøring av ny lov om utøvelse av jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) - regjeringen.noHøyringssvarHøyringsvar må sendast digitalt ved å bruke skjemaet for høringssvar på regjeringen.no. Dersom det skulle by på tekniske problemer, kan høringssvar sendast til postmottak@lmd.dep.no med referanse 24/1328.