Melding om oppstart av detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 varslar Eidfjord kommune oppstart av detaljreguleringsplan for næringsområdet på Lægreid.

Merknadsfristen til oppstartsvarselet er 10. januar 2020.

Formålet med planarbeidet er å leggja tilrette for etablering av ny brannstasjon og kontor-/lagerbygning for ei av kommunens avdelingar. Reguleringsplanen skal omregulera «øvrige kommunaltekniske anlegg» til eit kombinert formål for kommunaltekniske bygg og næring. Vegen skal leggjast om slik at den går igjennom området BN1 og BN2 i eksisterande områdeplan Menes-Vik-Lægreid. Areala kan på denne måten nytte areala betre.

Planarbeidet utløyser ikkje krav til konsekvensutgreiing.

Innspel skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, innan 10.01.2020.

Vedtak om oppstart og varsling av planarbeid (PDF, 28 kB)

Kart med planavgrensing (PDF, 338 kB)

Oversiktskart for lokalisering av planområdet (PDF, 529 kB)

I samband med kommune- og regionsreforma er planregisteret stengt for oppdatering. Du vil difor ikkje finna opplysningar om dette i kommunens planregister eller i fonnakart.

Kontakt

Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730