Melding om oppstart av reguleringsarbeid for gnr. 19 bnr. 234 m.fl. på Fet i Eidfjord kommune

Melding om oppstart av reguleringsarbeid for gnr. 19 bnr. 234 m.fl. på Fet i Eidfjord kommune

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Eskild Kvala AS på oppdrag for Norgeshus Karmøy AS set i gang arbeid med endring av del av gjeldande detaljregulering for Fet, gnr. 19/2 og 234, i Eidfjord kommune.

Planstatus og føremål

Planområdet er i dag regulert til friluftsområde, fritidsbusetnad, køyreveg, parkering og annan veggrunn. I kommunedelplan for Sysendalen har området status som fritidsbusetnad.

I gjeldande reguleringsplan er det vist 13 tomter for fritidsbusetnad innføre området. Tomtene er omgjevne av areal for friluftsføremål, og det er regulert veg og tre felles parkeringsplassar innføre området. Hensikta med reguleringsendringa er å legge til rette for etablering av veg heilt fram til fritidsbustadane og parkering på eigen grunn. Føresegnene vil ikkje bli endra. Avgrensing av planarbeidet, utsnitt av gjeldande reguleringsplan og forslag til endra plan med nye vegareal er vist i vedlagde kart.

Om planprosessen

Planarbeidet er i tråd med overordna planar og vil ikkje utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. KU-forskrifta §§ 3-5.

Endringane vil i liten grad påverke gjennomføring av planen som heilskap, gå ut over hovudrammene i gjeldande plan eller råke omsynet til viktige natur- og friluftsområde. Dersom det ikkje kjem inn vesentlege innvendingar til planarbeidet kan saka etter ei nærare vurdering bli handsama som ei mindre endring utan offentleg høyring. Eventuelle merknadar til planforslaget må derfor gjevast til denne kunngjeringa.

Meir informasjon om planarbeidet

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Eskild Kvala AS v/Åslaug Nyhamn, tlf. 911 57 234.

Innspel til planarbeidet

Eventuelle merknader eller innspel som kan ha innverknad eller interesse for planarbeidet skal sendast skriftleg til Eskild Kvala AS,
Postboks 155,
4291 KOPERVIK
eller aslaug@eskildkvala.no innan 30.08.2019.