Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid for Eidfjord Resort i Sysendalen

Melding om oppstart av reguleringsplanarbeid for Eidfjord Resort i Sysendalen

I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Norconsult på oppdrag av Eidfjord Resort, startar opp arbeid med detaljreguleringsplan for Eidfjord Resort i Sysendalen i Eidfjord kommune.

Om prosjektet og planarbeidet

Eidfjord Resort v/Ivan Løvheim er forslagsstillar for planarbeidet. Planen skal gje grunnlaget for reiselivsprosjektet Eidfjord Resort i Sysendalen. Føremålet med planarbeidet er å regulera Eidfjord Resort til eit attraktivt hytte- og landsbyområde og ein heilårs turistdestinasjon med turløyper og alpinanlegg mv.

Oppstart av arbeidet med detaljregulering for Eidfjord Resort blei varsla i desember 2015. Planarbeidet blei sett på vent i påvente av slutthandsaminga av Kommunedelplan (KDP) for Sysendalen. Kommunedelplanen måtte handsamast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, etter at fylkesmannen i Hordaland og Statens vegvesen hadde fremja motsegn mot kommunedelplanen. Departementet har i vedtak av 8. april 2019 godkjent KDP for Sysendalen og arbeidet med detaljreguleringa for Eidfjord Resort kan no starta opp igjen.

Planområdet

Planområdet er lokalisert på Fet, i Sysendalen i Eidfjord kommune. Området er om lag 1 100 daa stort, og omfattar delar av gnr. 19 bnr. 1 og 2 mv., sjå vedlagt oppstartkartet med markering som viser avgrensinga av planområdet. Planområdet er utvida i forhold til varslinga i desember 2015.

Vedlegg til oppstartsmeldinga

Varslingstekst utarbeida av Norconsult (PDF, 152 kB)

Oppstartskart for Eidfjord Resort (PDF, 6 MB)

Planinitiativ for Eidfjord Resort (PDF, 147 kB)

Referat etter oppstartsmøte (PDF, 2 MB)

Spørsmål til planarbeidet

Eventuelle spørsmål om planarbeidet kan rettast til Norconsult ved Ragne Rommetveit, e-post: asmund.ragne.rommetveit@norconsult.com, tlf. 45 40 45 15.

Innspel til planarbeidet

Det vert invitert til samarbeid og medverknad i den komande prosessen. I fyrste omgang er det berre sjølve oppstarten av planarbeidet som vert varsla. Seinare vil forslaget til plan bli sendt ut på høyring.

Merknadar til oppstartsmelding må sendast skriftleg til:

Norconsult AS
Lægreidsvegen 2A
5783 Eidfjord

eller via e-post til firmapost@norconsult.com

Merknadsfrist: 3. september 2019