Oppstart detaljreguleringsplan nytt bustadfelt på Lægreid

Oppstart detaljreguleringsplan nytt bustadfelt på Lægreid

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan for nytt bustadfelt på Lægreid

Nytt bustadfelt på Lægreid

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 varslar Eidfjord kommune oppstart av detaljreguleringsplan for nytt bustadfelt på Lægreid på eigedom 4/110 m.fl.

Eidfjord formannskap vedtok i møte 24.03.2021 (arkivsak 21/203) å starte opp arbeid med ny detaljreguleringsplan for nytt bustadfelt på Lægreid.

Formålet med planen er å leggja til rette for fleire bustader i området, samt tilkomstveg til feltet.

Frist

Merknadsfristen til oppstartsvarselet er 21.05.2021.

Send til

Innspel kan sendast på e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til

Eidfjord kommune
Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord.

Dokument

Planavgrensing, planavgrensing i forhold til eksisterande planar, oversiktskart og vedtaksbrev finn du i planregisteret.