Oppstartsvarsel og høyring av Sysendalen reinseanlegg

Oppstartsvarsel og høyring av Sysendalen reinseanlegg

Melding om oppstart av reguleringsplan for reinseanlegg i Sysendalen og utlegging av planprogram på høyring

Med heimel i plan- og bygningslova § 4-1 vert planprogram for nytt reinseanlegg på Gardsmyrane i Sysendalen lagt ut på høyring og til offentleg ettersyn. Samstundes startar Eidfjord kommune med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3, 12-8 opp arbeidet med detaljreguleringsplan for nytt reinseanlegg i Sysendalen.

Merknadsfrista til oppstartsvarsel og planprogram er sett til 19.08.2022.

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for eit nytt reinseanlegg og infrastruktur i tilknyttning til detta. Anlegget skal tjena vass- og avløyp frå bustader og fritidseigedommar i Sysendalen.

Spørsmål og innspel

Innspel skal sendas til postmottak@eidford.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord. Merkast med Sysendalen reinseanlegg – sak 22/219.

Planinitiativ og planavgrensing

Her kan du lesa planprogrammet, samt sjå planavgrensinga:

Planprogram for Sysendalen reinseanlegg (PDF, 13 MB)

Plangrensa for Sysendalen reinseanlegg (PDF, 226 kB)