På høyring: ny forskrift knytt til jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune

På høyring: ny forskrift knytt til jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune

Ny lokal forskrift som opna for jakt på rådyr vert lagt på høyring av Eidfjord kommunestyre.

I kommunestyremøte 13.06.22 vedtok Eidfjord kommunestyre å leggja forslag til ny lokal forskrift for jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune på høyring. Forskrifta lyder som fylgjer:

§ 1: Opning av jakt
Det er opna for jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune.

§2: Minsteareal
Fylgjande minsteareal for godkjenning av vald og tildeling av fellingsløyve er
gjeldande i kommunen:

Art

Minsteareal i daa

Hjort 1000
Elg 15000
Rådyr 2000


§ 3 Ikraftsetjing
Denne forskrifta trer i kraft straks og opphevar samstundes det som gjeld Eidfjord
kommune i forskrift om jakt etter hjortevilt (elg, hjort og rådyr), Sveio, Jondal,
Ullensvang, Eidfjord, Granvin, Modalen, Meland, Austrheim og Masfjorden
kommunar, Hordaland (FOR-2001-06-13-648).

Spørsmål og innspel

Forskrifta vil ligga på høyring til 15.08.2022.

Høyringsinnspel skal sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller sendast per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.  Innspel merkast med sak 22/446 – «Endring i forskrift om jakt etter hjortevilt Eidfjord kommune».

Les saksutgreiinga knytt til Ny lokal forskrift om jakt på hjort, elg og rådyr i Eidfjord kommune.  (PDF, 881 kB)