Tilkomstveg VA-anlegg på Fetaleitet

Tilkomstveg VA-anlegg på Fetaleitet

I medhald av plan- og bygningslova §12-14 fremjer Eidfjord kommune detaljreguleringsplan for tilkomstveg til VA-anlegg på Fetaleitet gbnr. 19/2.

Frist for tilbakemelding 08.12.2022.

Eidfjord formannskap vedtok 03.11.2021 å starta opp arbeid med regulering av tilkomstveg til VA-teknisk anlegg på Fetaleitet.

Føremål

Føremålet med reguleringa er å sikra VA-anlegg og vegtilkomst til etablert pumpestasjonen på Fetaleitet. Vegtilkomst er naudsynt i drift av anlegget. Der vegtraseen og VA-anlegget skal liggja, er det i dag regulert friluftsføremål. For å ha heimel i lova om bygging, må området omregulerast.

Planprosess

Reguleringa av VA-teknisk anlegg og vegtilkomst til på Fetaleitet vil verta gjennomført som ei mindre endring av eksisterande reguleringsplan Detaljplan Fet, gnr. 19, bnr. 1 og 2 m/fl (planID: 2013002). Ein forenkla prosess er vurdert på bakgrunn av at det VA-tekniske anlegget er plassert med stor avstand til hovudvegnettet, noko som er ei utfordring i drift av anlegget. Vegen er del av den naudsynte infrastrukturen i tilknyting til anlegget.

Høyring og offentleg ettersyn av planforslag

Vedlagd ligg planbeskrivelse og plankart til endringa av plan. Endringa legg føringar for å regulera VA-anlegg og veg i område regulert til friluftsføremål.

Spørsmål og innspel

  • Planen vil liggja på høyring og til offentleg ettersyn til 08.12.2022.
  • Innspel skal merkast med sak 21/188 «Endring av plan - Detaljplan Fet, gnr. 19, bnr. 1 og 2 m/fl».
  • Innspelet kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no

Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til e-postadresse postmottak@eidfjord.kommune.no, eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Vedlegg