Varsel om høyring og offtentleg ettersyn mindre endring av reguleringsplan Midtbø

Varsel om høyring og offtentleg ettersyn mindre endring av reguleringsplan Midtbø

I medhald av plan- og bygningslova §12-14 leggjer Eidfjord kommune ei mindre endring av reguleringsplan for Midtbø gbnr. 21/2 (planID: 2013005) ut på høyring og til offentleg ettersyn.

Frist for innspel til høyringa er 13.02.2023.

Føremål og planprosess

Føremålet med planendringa er å tilretteleggja for vegtilkomst til gnr. 21, bnr. 107. Endringa legg føringar for omregulering av grøntareal til vegføremål. Endringa gjev ikkje endringar i føresegn. Reguleringsendringa vil skje etter forenkla planprosess jf. plan- og bygningslova §12-14.

Høyring og offentleg ettersyn av planforslag

I samsvar med pbl. §§12-10 og 12-14 vert forslaget lagt på høyring og til offentlig ettersyn i tre (3) veker. Vedlagt ligg dokumentasjon knytt til endringa.

Frist

Frist for innspel til høyringa er 13.02.2023.

Innspel

Innspel skal merkast med sak 22/1052 «Endring av reguleringsplan for Midtbø». Innspelet kan sendast per e-post til postmottak@eidfjord.kommune.no eller per brev til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Vedlegg