Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Kjerøyna

Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan for Kjerøyna

Eidfjord formannskap vedtok i møte 17.06.2020, sak 20/081, å starta opp arbeid med ny detaljreguleringsplan for Kjærøyna. Eidfjord kommune skal sjølv stå for utarbeidinga av planen, og varslar no oppstart av planarbeidet i medhald av plan- og bygningslova § 12-8.

Merknadsfrist til oppstartsvarselet er 07. august 2020.

Formålet med planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for permanente løysingar som sørgjer for at området vert knytt nærare sentrum. Området skal vera attraktivt for både fastbuande og besøkjande. Det skal sikrast gang- og sykkelveg gjennom området, og leggjast til rette for næringsutvikling. Ein ser elles i kommunen at det er behov for parkeringsplassar for buss/bil, toalettfasilitetar og tøme/vassfylling for bubilar. Ladestasjon for større køyretøy vil og vera eit alternativ når planen skal utformast.

Planområdet er omlag 38 daa.

Planen utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Ingen av tiltaka i planen går under nokon av punkta som står i vedlegg I og vedlegg II i forskrift om konsekvensutgreiing. Det er heller ikkje planlagt tiltak som vil gje vesentlege verknadar for miljø og samfunn.

Plandokument

Relevante dokument ligg tilgjengeleg i planregisteret

Innspel

Innspel skal merkast med arkivsakid 20/353 og sendast til postmottak@eidfjord.kommune.no, eller til Eidfjord kommune, Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord.

Merknadsfrist til oppstartsvarselet er 07. august 2020. 

Vidare saksgang

Etter merknadsfristen vil kommunen utforma eit planforslag som består av planomtale, føresegner, plankart og ROS-analyse. Det er sett ned ein politisk komitè for sentrumsutvikling, som vert sentral i planarbeidet.

Planforslaget skal handsamast politisk, og sendast på høyring og leggjast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker. Det vil då vera mogleg å koma med merknadar til planforslaget før slutthandsaming i kommunestyret. 

Kontakt

Åsmund Aarsand
Rådgjevar
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 481 42 590