Varsel om oppstart av reguleringsarbeid Høel hyttefelt

Varsel om oppstart av reguleringsarbeid Høel hyttefelt

Norconsult AS varslar oppstart av reguleringsarbeid knytt til Høel hyttefelt gnr. 20 bnr. 1 etter plan- og bygningslova § 12-8.

I medhald av plan- og bygningslova, §12-8 vert det med dette varsla igangsetjing av endring av detaljreguleringsplan Høel hyttefelt gnr. 20 bnr. 1, i Sysendalen, i Eidfjord kommune.

Føremålet med planendringa er etablering av nye fritidsbustader nordvest i planområdet, noko fortetting i eksisterande felt samt legga til rette for vegtilkomst til fleire bueiningar.

Tiltakshavar for planarbeidet er Vøringsfoss Eigedom AS.

Planfagleg konsulent er Norconsult AS – Hardanger v/Eirin Sandstå Kvale.

Planinitiativ og planavgrensing

Her kan du lesa planinitiativ sendt inn av forslagsstillar, samt planavgrensinga:

Planinititativ reguleringsendring Høel hyttefelt (PDF, 2 MB)
Planavgrensing reguleringsendring Høel hyttefelt (PDF, 2 MB)

Spørsmål og innspel

Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til: Norconsult AS, Lægreidsvegen 2A, 5783 Eidfjord, eller per e-post til eirin.sandsta.kvale@norconsult.com innan 26.08.2022.