Varsel om oppstart av reguleringsendring for reguleringsplan Bergslien-Blurnes, gbnr. 25/18 m.fl.

Varsel om oppstart av reguleringsendring for reguleringsplan Bergslien-Blurnes, gbnr. 25/18 m.fl.

I medhald av plan og bygningslova § 12-8 (oppstart av reguleringsplanarbeid) vert det varsla om at det vert sett i gang endring av reguleringsplan Bergslien-Blurnes (planid. 1986001) for  del av eigedom gnr. 25, bnr. 18 i Blurnes i Eidfjord kommune.

Frist for å koma med innspel til oppstartsmeldinga er 2. august 2020.

Formålet med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for etablering av bustadtomt på eigedom 25/18. Området er i 
dag regulert til naust i gjeldande reguleringsplan. I gjeldande kommuneplan er området regulert til «tidlegare 
vedtatt reguleringsplan eller bebyggelsesplan skal fortsatt gjelde». 

Plandokument

Alle plandokumenta er tilgjengeleg i kommunens planregister

Innspel

Eventuelle merknader til oppstartsmeldinga skal sendast til eirin.sandsta.kvale@norconsult.com, eller per brev til Norconsult AS, Lægreidsvegen 2A, 5783 Eidfjord. 

Frist for å koma med innspel er 2. august 2020.