Varsel om oppstart av reguleringsendring ved Maurset Fjellpark

Varsel om oppstart av reguleringsendring ved Maurset Fjellpark

Med heimel i plan- og bygningslova §§ 12-3 og 12-8 blir det med dette varsla endring av eksisterande reguleringsplan for gnr. 17 bnr. 208, ved Maurseth i Eidfjord kommune.

Frist for å koma med merknadar er 29. september 2020.

Maursetparken AS er forslagsstiller og Vill Plan AS er konsulent for planarbeidet.

Det vert varsla oppstart etter ordinære reglar, men kommunen ser for seg å nytta saksbehandlingsreglar etter forenkla planprosess, jf. pbl. § 12-14 andre ledd.

Føremålet med planarbeidet

Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for ei berekraftig og framtidsretta utbygging av den delen som ligg mellom dei eksisterande hyttene og riksveg 7. Forslagsstillar ynskjer å dela opp formålet slik at servicesenter med ladestasjon, miljøstasjon, etc. kjem nærast vegen (dette er under oppføring), mens det på det resterande arealet som endringa gjeld, vert lagt til rette for 10 bygg med totalt 60 einingar. I tillegg er det mellom desse to «funksjonane» lagt til rette for at det kan anleggast ei skiløype gjennom området i tråd med kommunens mål for eit samanhengande løypenett gjennom Sysendalen.

Planstatus

Planstatus i området er reguleringsplan (planID1996001, vedteken i 1996), med ein utfyllande bebyggelsesplan (planID1998001, vedteken i 1998). Det området som no er ynskje om å endra er i bebyggelsesplanen vist som byggjeområde for servicesenter med meir. Føresegnene opnar for å byggja spisestader, leilegheiter, hotell, symjehall og liknande fellesfasilitetar, og ei rekkje andre byggjetiltak. 

Plandokument

Alle plandokumenta er forslag. Kvart plandokumena vert opna i ny fane.

Planinitiativet (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 4 MB)

Planføresegner (PDF, 70 kB)

Plankart (PDF, 498 kB)

Illustrasjonsplan (PDF, 3 MB)

Sol- og skyggeanalyse (PDF, 2 MB)

Varslingsbrev (PDF, 322 kB)

Førebels kommentar frå kommunen (PDF, 139 kB)

Innspel

Frist for å koma med innspel til oppstartsmeldinga er 29. september 2020.

Innspel skal sendast til Vill Plan på e-post mats@villplan.no, eller per brev til Vill Plan AS, C. Sundts gate 37, 5004 Bergen.

Prosessen vidare

Etter at merknadsfristen er ute, vil kommunen vurdera saksbehandlingsreglane på ny. Om saka kan fylgja forenkla reglar etter pbl. § 12-14 andre ledd, vil ikkje plansaka verta lagt ut til offentleg ettersyn før politisk behandling. Eit vedtak etter nemnde paragraf er å rekna som eit enkeltvedtak, og berørte partar har klageadgang.

Dersom saka ikkje kan behandlast etter forenkla reglar, må den fylgja ordinære reglar og leggjast ut til offentleg ettersyn før endeleg vedtak.

Kontakt

Katrine Helle Midtbø
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 59
Mobil 918 80 730