Korleis er rulleringsprosessen?

I tidslina under kan du sjå kva prosess rulleringa skal gjennom, og til kva estimert tidspunkt.

Tidsline rullering av kommuneplanen sin arealdel

Arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel er eit stort og ressurskrevjande arbeid. Tidslina syner førespeila framdriftsplan, endringar kan førekomma. 

Fargane på ikona synar kva steg me har gjort (blå), kva steg me er på (grøn) og kva steg som ventar (gul). Ein modifisert trafikklysmodell nyttas.

Juni 2021: Vedtak om oppstart av arbeid

Planoppstart: Eidfjord kommunestyre vedtok 03.06.2021 at arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel skulle starta opp. Les meir om kvifor me rullera arealdelen.

01.06.2021

Februar 2022: Utarbeiding av planprogram

Administrasjonen har som oppgåve å utarbeida eit planprogram som sett rammer med sentrale tema og mål for arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel.

01.02.2022

Mai 2022: Planprogram på høyring

Planprogrammet utarbeida av administrasjonen blir sendt på offentleg høyring til politikare, innbyggjare og andre interesenter. Samstundes blir det varsla oppstart av planarbeidet.

I denne perioden vert det oppmoda til å komma med innspel på rammer for arealbruken i store trekk.

Spesifikke innspel til arealbruk skal koma seinare i prosessen, etter vedteke planprogram. Slike innspel vert teke i mot i løpet av hausten 2022, under til dømes tema- og folkemøter, men også skriftlig pr. e-post til kommunen.

01.05.2022

Juni 2022: Gjennomgang av innspel

Etter endt høyringsperiode, vil styringsgruppa gå gjennom innspel til rammene på planprogrammet. 

01.06.2022

Oktober 2022: Vedteke planprogram

Me brukar vår og sommar på gjennomgang på innspel motteke i høyringsperioden, og knar planprogrammet ein gang til. Dette blir lagt fram for endeleg vedtak for politikarane i oktober 2022.

01.10.2022

Oktober 2022: Opna for innspel

Frå oktober 2022 ut mars 2023 opna me for innspel til kommuneplanen sin arealdel.

02.10.2022

Oktober-november 2022: Folkemøter

Hausten skal me bruka på innspel. Me skal arrangera folkemøter kor målet er å snakka med innbyggjarane og høyra deira visjoner for bygda. 

01.11.2022

Januar-februar 2023: Temamøter

Ut i frå temamøtene vil ulike tema utkrystalisera seg. Me vil ta me oss desse vidare og arrangera temamøter. Her vil me samtala kring innspel og løysingar.

01.01.2023

Vår/vinter 2023: Gjennomgang innspel

Etter endt innspelsperiode skal me gjennomgå innspel til planen før me arbeider vidare med konkrete tema.

31.03.2023

Vår 2023: Utvalde tema

Frå folke- og temamøtene vert innspel og tema sortert og sila. Prosjektgruppa i rulleringa vel kva tema me går vidare med, desse arbeider me med gjennom vinter 2022-2023. Her legg me grunnlaget for utarbeida planløysingar.

01.04.2023

Sommer-haust 2023: Utarbeide planforslag

Plankart, planomtale, planføresegn, ROS-analyse. Forslag til plan skal utarbeidast gjennom sommar og haust 2023.

01.05.2023

Februar 2024: Plan lagt på høyring

I februar 2024 skal me leggja ferdig plan på høyring. I samband med høyringa vil me gjennomføra eit høyringsmøte kvar me gjennomgår planen for innbyggjare og interessentar. 

01.02.2024

Februar 2024: Møte for innbyggjare med gjennomgang av planforslag

Me ynskja gjennomgå planforslaget i møte med innbyggjarane. Me vil syna kva me har tenkt, og kva vurdringar som er gjort.

05.02.2024

Vår 2024: Gjennomgang av innspel

Etter endt høyringsperiode, vil me på nytt gå gjennom nye innspel og gjera vurderingar etter dette. Her vil planen verta bearbeida.

12.02.2024

Haust 2024: Vedtak og kunngjering

Dersom alt går etter planen, tek me syne på å vedta og kunngjera ferdig plan hausten 2024.

01.06.2024

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 36 58
Mobil 48 35 75 52