Kommuneplan

Kommuneplan

Kommuneplanen er det overordna politiske styringsdokumentet for Eidfjord kommune. Ein kommuneplan er samansett av ein arealdel og ein samfunnsdel.

Kommuneplanens arealdel

Tekstdokument til kommuneplanens sin arealdel (PDF, 396 kB)

Kommuneplan i kart

Planregister

Kommunen har arealplan for heile kommunen som syner samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Arealdelen omfattar plankart, føresegner og planomtale. Dokumenta fortel korleis nasjonale mål og retningslinjer, og overordna planar for arealbruk er ivaretatt. Kommuneplanens arealdel skal syna hovudtrekka i arealdisponeringa. Arealdelen gjer også retningslinjer for kva omsyn som skal takast i vare ved disponering av areala.

Formålet med kommuneplanen er å skapa ei langsiktig og forutsigbar arealbruk for innbyggjarane i kommunen.

Ein kommuneplan skal i prinsippet rullerast kontinuerleg med sikte på å samordna den fysiske, økonomiske, sosiale, estetiske og kulturelle utviklinga innanfor sine område. Kommunestyret skal minst ein gong i løpet av kvar valperiode vurdera om kommuneplanen skal rullerast eller framleis gjelda, og om det er trong for å føreta endringar i den. Dette vert fastlagt gjennom kommunens planstrategi.

Kommuneplanens samfunnsdel

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2015-2025 (PDF, 12 MB)

Kommunen sin samfunnsdel skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap, samt kommunen som organisasjon. Kommuneplanens sin samfunnsdel har ein handlingsdel som inngår i kommunen sin økonomiplan.

Eidfjord kommune har fylgjande tre hovudsatsingsområder i kommuneplanen for 2015-2025:

  • Bukommunen Eidfjord
  • Opplevings- og besøkskommunen
  • Arbeidskommunen

Kontakt

Gunnar Elnan
Einingsleiar Areal og miljø
E-post
Telefon 53 67 36 52
Mobil 476 12 205