Barnehage

Modnen barnehage har avdelingar for born opp til 5 år. Alle avdelingane er samla i eitt bygg på Lægreid.

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 17.10.2017

Søknadsskjema barnehage

 

Barnehagen legg vekt på å utvikla borna sin basiskompetanse. Dette vert gjort gjennom det dagleg samspel med borna, felles opplevingar og samtalar, i organiserte aktivitetar og fri leik. Det er lagt vekt på eit godt samarbeid med heimane.


Personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen, og me arbeider for å ta vare på arbeidsgleda og samarbeidsklima. Me ynskjer at glede og humor skal prega kvardagen vår.
 

Mål for arbeidet i barnehagen

Me skal hjelpa til at borna gjennom ein rik og trygg barndom blir kjende med eigne ressursar, slik at dei vert best mogleg rusta til å ta imot dei utfordringane som kjem. Me arbeider for å oppnå tryggleik, tillit og trivsel for born, foreldre og tilsette i barnehagen. Me arbeider utifrå at alle menneske er likeverdige. Me ynskjer å halda opne kanalar ut mot nærmiljøet / samfunnet.
 

Foreldresamarbeid

Samarbeidet heim / barnehage er viktig for barnet sin trivsel i barnehagen. Dette er ein gjensidig prosess der personalet og foreldra må vera opne og positive mot kvarandre. Me ynskjer at foreldra skal kjenna seg velkomne i barnehagen.
 

Læring og omsorg

Rammeplanen byggjer på eit heilskapleg syn på læring og omsorg.


Læring skjer i det daglege samspelet med andre menneske, og er nært knytt saman med omsorg. Kvaliteten på samspelet borna imellom og mellom born og vaksne, blir avgjerande for kvaliteten på læringa. Personalet sin kompetanse og evne til omsorg og nærleik, er difor avgjerande for både kva og korleis borna lærer.
 

Leik

Leiken har alltid ein sentral plass i barnehagen.

I leik gjennomarbeidar born erfaringar og inntrykk. På den måten lærer dei å forstå omgjevnadene og gjera desse til ein del av seg sjølv. Gjennom leiken lærer borna å bruka sansar, tankeevne, observasjonsevne, fantasi, språk og logikk.

I leiken opplever borna fellesskap, å gjenkjenna kjensler, det å ta omsyn, det å gi og ta og å inngå kompromiss. I fellesskapet opplever og erfarer dei andre ting enn det dei gjer åleine.

I barnehagen er det vaksne som kan støtta og rettleia.

Fann du det du leita etter?

Kontakt

Torunn Polden
Einingsleiar, Barnehage
Tlf: 53 67 36 02
E-post  
Artikkel (1)
Skjema (1)
 
Login for redigering