Eidfjord kulturskule

Kulturskulen er ein stad der unge og vaksne kan utvikla sine kunstnarlege evner. Kulturskulen har flest tilbod innan musikk, dans og drama, men har òg tilbod i andre kunstfag.

Eidfjord kulturskule starta som musikkskule i 1981. Skulen har sine lokal i Samfunnshuset på Lægreid, med tre øvingsrom, to studiorom og personalrom.
 

For kven?

Alle som er elevar i grunnskulen kan søkja. Vaksne søkjarar får plass dersom det er ledige plassar.
 

Undervisning

Me prøver å leggja opp undervisninga slik at det ikkje skal kollidera med andre aktivitetar. Kulturskulen følgjer skuleruta for grunnskulen.
 

Prisar

Eidfjord kulturskule er den einaste kulturskulen i landet der det ikkje kostar noko å vera elev. Med andre ord, gratis kulturskule.
 

Søknadsfrist

Du kan søkja om plass i kulturskulen heile året. Men, før nytt skuleår ber me om å få inn søknadane til 10. mai slik at me kan få gjort unna elveopptaket og laga avtalar med lærarane før sommarferien.
 

Tildelt plass i kulturskulen gjeld fram til han vert sagt opp skriftleg. Oppseiing må skje innan to månader før nytt semester.
 

SpeedAdmin

SpeedAdmin er kulturskulen sitt administrasjonsprogram. Her er alle elevar, aktiviteter, lærarar osv. registrert.

Det fine med systemet er at du som elev, eller føresett, kan logga deg på og få oversikt over timeplan, gjera endringar i personlege opplysingar, som telefonnummer, e-postadresser, namn osv.

Når du vert registrert i SpeedAdmin skal du få tilsendt eit passord frå kulturskulen. Har du ikkje fått dette, eller det er gløymt, ta kontakt med oss.

Du loggar på slik:

  • Brukarnamn - eleven sin fødselsdato (ddmmåå)
  • Passord - vert tilsendt frå kulturskulen (eks. W3Q4E5)


Du kan òg logge deg på ein WebApp via din smarttelefon og lett få oversikt over nyehende, konsertar, timeplan og andre ting.

Sist endra 21.09.2016
Fann du det du leita etter?
Artikkel (1)
Kart (1)
 
Login for redigering