Lægreid skule

Lægreid skule er Eidfjord kommune sin einaste skule, plassert sentralt i bygda. Skulen ligg vakkert til med tilhøyrande leikeareal, idrettsplass, basseng og idrettshall. Skulen er ein kombinert barne- og ungdomsskule med til saman 99 elevar og 33 tilsette.

Satsingsområde og utviklingsarbeid

Dei siste åra har viktige satsingsområde for skulen vore læringsmiljø og klasseleiing, Zippys venner og Trivselsleiar (TL). Desse områda er til dels godt innarbeidde og ein del av arbeidet i skulen.
Elevane sitt læringsmiljø er avhengig av mange faktorar. Det er faktorar som god skuleleiing, positive relasjonar med kvar enkelt elev, godt samarbeid mellom skule og heim, nulltoleranse for mobbing og klasseleiing.

 
Skulen deltar i det nasjonale satsingsområdet frå Udir som vert kalla «Ungdomstrinn i utvikling». Me vil fyrst og fremst leggja vekt på læringsmiljøet, klasseleiing og lesing.
 
 
Skulen har valt å halda fram med læringsmiljøet som satsingsområde, fordi ein gjennom forsking har sett at det kan medverka til betre helse, auka trivsel, auka læringsutbytte, mindre fråvær og betre gjennomføring av opplæringa. Når me legg vekt på læringsmiljøet vil det kunna vera med på å førebygga bråk, uro og mobbing.

 
Elevundersøkinga er og ein viktig indikator for val av satsingsområde. Lesing har me valt på grunnlag av resultat frå nasjonale prøvar og kartlegging.
 

 

Ansvar

  • Rektor har det overordna ansvaret for Lægreid skule.
  • Assisterande rektor har særleg ansvar for timeplanlegging, vaktordningar, vikarordningar, ekstra skyss og SFO.
  • Sekretær svarar på det meste, eller set deg over til rett person.
  • Vaktmeister har ansvar for det tekniske og det praktiske på skulen og Samfunnshuset.
Sist endra 25.06.2018
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Anne Istad
Rektor, Lægreid skule
Tlf: 53 67 36 22
E-post  
 
Login for redigering