Varm skulemat

Elevane på Lægreid skule har tilbod om eit varmt måltid kvar dag. Tilbodet er delt inn i to grupper: 1.- 4. klasse, og 5. - 10. klasse.

 

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 17.08.2017

Varm skulemat

 

 

Påmeldinga er bindande for kvart halvår

  • 1. - 4. klasse
    Det er fast pris pr. månad pålydande kr. 239,- pr. elev, uavhengig av feriar og fridagar. Elevane har skulemåltid fire dagar i veka. Kvar onsdag må dei sjølve ha med matpakke pga uteskule.

     
  • 5. - 10. klasse
    Det er fast pris pr. månad pålydande kr. 299,- pr. elev, uavhengig av feriar og fridagar. Elevane har skulemåltid fem dagar i veka.


Elles

  • Det er ikkje frukt og mjølkeordning inkludert i prisen. Om elevar vil ha frukt og mjølk, må føresette melda dei inn på www.skolefrukt.no og www.skolemelk.no slik ein har gjort tidlegare år.
  • Det vil vera vatn som drikke til alle måltida på samfunnshuset.
  • Ingen syskenmoderasjon
  • Om ein melder på elev undervegs i perioden, må ein pårekna ei arbeidsveke før eleven er med på ordninga.
  • Ein kan ikkje reservere seg for enkeltmåltid eller enkeltdagar i perioden.
  • Eidfjord kommune har ansvar for foreldrebetalinga for måltida. Det er månadleg innbetaling. Kommunen sender ut rekning rundt den 6. kvar månad. Betalingsfrist 14 dagar etter fakturadato. Ved manglande betaling kan kommunen sei opp plassen med ein månads skriftleg varsel.
  • Rektor/einingsleiar skule, einingsleiar økonomi og assisterande rådmann er administrativt ansvarleg for ordninga.
  • Føresette må gje melding på påmeldingsskjema om evt. allergiar hjå eleven. I tillegg må føresette levera inn attest/erklæring frå lege om evt allergiar.
  • Det kjem ut informasjon om meny på e-post, og på infoskjerm på samfunnshuset.
  • Påmelding i august for hausthalvåret, og januar for vårhalvåret.

     

Har du spørsmål, send e-post til skule@eidfjord.kommune.no eller ta kontakt direkte med skulen tlf 53 67 35 80.

Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering