Vatn og avløp i Eidfjord


Vatn

Det er 5 kommunale vassanlegg med varierande storleik, 3 av anlegga er omfatta av årleg innrapportering til Folkehelsa. Ein del av anlegga er utbygt med sentral driftskontroll (SD-anlegg). Me har 2 trykkaukestasjonar og totalt 48,1 km leidningsnett.

Det vert teke rutinemessige nettprøvar (kvar 4. veke) som vert analysert ved Hardanger Miljøsenter. Kvartalsvis tek me utvida prøvar og prøvar på råvatn.

Avløp

Det er 4 biologisk/kjemisk reinseanlegg, alle med elv/ferskvatn som resipient, og 1 mekanisk reinseanlegg med sjø som resipient. Me har totalt 43,1 km leidningsnett og 19 pumpestasjonar.

Det vert teke prøvar på biologisk/kjemiske anlegga kvar mnd, prøvar som vert analysert ved Hardanger Miljøsenter.

Spørsmål/problem innan vatn og avløp kan rettast til driftsoperatør på kommunal teknisk drift.

Sist endra 18.02.2015
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Vakttelefon Vatn og avløp
Døgnvakt
Tlf: 990 99 900
E-post  
Artikkel (1)
 
Login for redigering