Stortingsvalet 2017

Val topp - Klikk for stort bilete

 

 Mandag  11. september er det Stortingsval

Publisert av Bjørne Møen. Sist endra 23.05.2017
Stortingsval 2017
Valkrins Røystestad Opningstid
Eidfjord Kommunehuset 09.00 - 20.00
 
 

Førehandsrøysting

Dersom du ikkje har høve til å røysta på valdagen, kan du røysta på førehand. Veljarar som ynskjer å førehandsrøysta, kan gjera dette f.o.m. torsdag 10. august til og med fredag 8. september.
 
Det er veljarane sjølve som er ansvarlege for å gje førehandsrøysta si på eit tidspunkt som gjer at den kjem fram til valstyre innan valdagen 11 september. Du kan førehandsrøysta her i Eidfjord, sjølv om du høyrer til i ein annan kommune.
 

Valstyret har bestemt fylgjande stader for førehandsrøysting:

 
Kommunehuset
  • Torsdag 10. august - fredag 8. september.
  • Opningstida er: 08.00 - 15.00 på vanlege arbeidsdagar.

Utvida tider:

  • Laurdag 2. september kl. 10.00-14.00
  • Torsdag 7. september kl. 08.00-18.00 
     
Bygdaheimen med omsorgsbusdadar
  • Torsdag 7. september kl. 10.00-14.00
 
Ambulerande røystegjeving
  • Frist for søknad om ambulerande røystegjeving vert sett til onsdag 6. september 2017. 

Viktige datoar

  • Manntalet vert lagt ut til offentleg ettersyn frå midten av juli månad, eller så snart det er klart.
  • Valdagen er 11 september 2017
  • Vallokalet på kommunehuset i Eidfjord er denne dagen ope frå kl. 09.00-20.00
  • Torsdag 10. august startar mottak av førehandsrøyster på kommunehuset.
 

Tidlegrøysting:

Dersom du ikkje har høve til å førehandsrøysta, eller røysta på sjølve valdagen, har du høve til å tidlegrøysta frå 3. juli og fram til og med onsdag 9. august.
 
Dersom du MÅ tidlegrøysta, er det fint om du tek kontakt med dei valansvarlege på kommunehuset for nærare avtale. Dette p.g.a. at alt valmaterialet ikkje er på plass enno, og det er midt i ferieavviklinga.
 

Manntalet:

Manntalet i Eidfjord kjem til å verta lagt ut til offentleg ettersyn. Det kjem til å liggja på kommunehuset.
Det er viktig å sjekka at du står i manntalet, då dette er eit krav for å få røysta.
 

Valkort og legitimasjon:

Alle veljarar får tilsendt valkort i posten. På valkortet finn du informasjon om opningstida på kommunehuset på valdagen. Du treng ikkje ha med valkortet for å stemma, men det går raskare med stemmegjevinga dersom du har det med. Husk å ta med legitimasjon !
 

Kontaktpersonar i Eidfjord:

Kommunestyret har vedteke å oppnemna formannskapet som valstyre. Ordførar Anved Johan Tveit er leiar, og varaordførar Aslak Martin Lægreid er nestleiar.
 
Valstyret har oppnemnt desse valmedarbeidarane til å ta imot førehandsrøyster, og elles gje meir informasjon:
  • Johanna Maria Hereid
  • Britt Langøy
  • Elsa Garatun
  • Gunnhild Sandvin
  • Elisabet Joleik
  • Knut Ingar Myklatun
  • Brynjulf Mugås
  • Glenn Wiik
  • Marta Tveit
  • Geir Underhaug
  • Monica Hereid
 
For meir informasjon om Stortingsvalet 2017, sjå www.valg.no
 
 
 
 
 
Fann du det du leita etter?
 
Login for redigering