Grunnarbeida på eigedomen til reinseanlegget, og boring for utløpsleidningen i Brudalen, går framleis for fullt. Grunnetreprenøren nærmar seg å ferdigstilla VA-infrastruktur på tomt, etablering av ny pumpestasjon, og ny veg inn på anlegget skal asfalterast.
Det er gjennomført offentleg konkurranse for entreprise bygg (EB), og den 06.10.2025 signerte kommunen kontrakt med Stoltz Entreprenør AS, som vart tildelt kontrakta for sjølve bygningen. Dette er ein totalentreprise NS 8407.
Arbeidet med sjølve bygget startar opp i byrjinga av november, og det er planlagt for tett bygg innan medio mai neste år.
Biletet er frå 18.09.25. Oppdatert bilet frå oktober kjem snart.
