Vaksinar for vaksne

Om vaksinar til vaksne og voksenvaksinasjonsprogrammet.

Årets influensavaksinering

Det vert vaksinert mot sesonginfluensa, covid 19 og pneumokokksjukdom for målgrupper i kultursalen på Vøringfoss hotell 21.10.25. Du treng ikkje bestille tid, møt opp mellom kl 09:00 og 17:00.

Betaling for vaksinane skjer på betalingsautomat på legekontoret i Eidfjord. Dersom du er sjuk med feber bør du utsetje vaksinasjon. 

Har du ikkje mogelegheit for å vaksinere deg denne dagen, ta kontakt med fastlege eller apotek. Har du behov for tilrettelegging vil me prøva å imøtekomma dette, ta kontakt med Eidfjord legekontor. 

Utanfor målgruppa

Dersom du ikkje er i målgruppene for vaksinering, men likevel ynskjer dette - kan du ta kontakt med legekontoret i Eidfjord etter 21.10.25

Vaksinar til vaksne

Vaksne har behov for oppfriskingsdosar av nokre av vaksinene dei har fått gjennom barnevaksinasjonsprogrammet.

Kontakt

Legekontor Eidfjord
Mobil 53 67 35 50

Tast 1 om du treng strakshjelp

Ope alle kvardagar frå  08.00 – 15.00.
Legevakt kvar dag frå 08.00 - 16.00

Telefontid:
08:00-10:00
13:00-15:00

Legevakt telefonnr. 116117

Adresse

Simadalsvegen 1
5783 Eidfjord

Opningstider

Måndag - fredag
08.00 - 15.00

Telefontid:
08:00-10:00 og 13:00-15:00
10:00-13:00 Stengt (akutt sjuk, tast 1)

Legevakt 116 117
16.00 - 08.00