Søk om pleie- og omsorgstenester - Mitt Aidn
Kva er Mitt Aidn?
Mitt Aidn gjer det enklare å ha kontakt med helse- og omsorgstenestene i kommunen. Du kan bruka tenesta både som pasient og som pårørande.
Gjennom mitt.aidn.no kan du:
- Senda og motta meldingar med helsepersonell
- Få oversikt over avtalar, besøk og oppfølging
- Sjå kva som skjer – når det skjer, til dømes behandlingsplanar og vedtak
- Involvera pårørande i oppfølginga
- Søkja om helse- og omsorgstenester digitalt
Kven kan bruka Mitt Aidn?
Alle som får oppfølging frå helse- og omsorgstenestene i Eidfjord får automatisk tilgang til Mitt Aidn. Du loggar inn med BankID på mitt.aidn.no.
Pårørande kan òg få tilgang dersom brukaren har gjeve samtykke. Den pårørande må sjølv logga inn på mitt.aidn.no og senda ein førespurnad om tilgang. Kommunen kontrollerar at samtykke ligg føre før tilgangen vert godkjend.
Merk: Pårørande får ikkje tilgang automatisk, og brukaren kan når som helst trekka samtykket tilbake.
Slik kjem du i gang
- Gå til mitt.aidn.no
- Logg inn med BankID
Du loggar inn med BankID, og all kommunikasjon skjer trygt og sikkert. Tenesta fungerer best på mobil, men kan også brukast i nettlesar på PC.
Har du spørsmål om Mitt Aidn?
Les meir på aidn.no/innbygger eller ta kontakt med Eidfjord bygdaheim