Utleiga av bunadarEidfjord kommune har jonsokbunad for born og brudebunad for vaksne til leige. Informasjon om brud og brudgombunadarKommunen har til utleige brud- og brudgombunad for vaksne. Utleigepris for brudebunad kr. 3000,- og brudgombunad kr. 2000,-. Det er også mogeleg å berre leige brudekruna for kr. 500,-. Bunadane er til utleige for brudepar. Det kan gjerast mindre tilpasningar før bruk, men det kan ikkje vera store avvik frå måla på bunaden. Hardanger Flid AS utfører arbeidet med mindre tilpassingar og vask/rensing av bunadane. Leigar pliktar å handsama bunaden med varsemd, og skal ikkje vaska/reinsa nokon av delene etter bruk. Utleige må avtalast i god tid, leigar kontaktar Hardanger Flid AS for tilpassing.Brudebunad - mål og innhaldMål på brudebunad:Livvidde: 79 cmSidde stakk: 105 + 3 cmHeil lengde: 144 + 3 cmInnhald:1 stk sylvkrune med diverse silkeband1 stk blondekant1 stk sneatrøya med stakk1 stk kaps med svartsaum1 stk bringeklut1 stk komplett sylvkjede1 stk stor bringesylje2 stk små syljer1 stk lekkjaknapp1 stk sylvbelte med spenne og 25 stk stølar1 stk handaplagg1 stk fangreim med sylv og 2 stk fangband1 stk brudebombe, rosemålaBrudgombunad - mål og innhaldMål: Bunaden er tilnerma storleik M (medium)Innhald: 1 stk jakke med sylvknappar1 stk vest med sylvknappar1 stk bukse med sylvknappar og sylvspenne1 stk skjorte1 stk sokkapar2 stk sokkaband1 stk lekkjaknapp2 stk mansjettknappar JonsokbunadEidfjord kommune har for utleige to sett med jonsokbunadar. Organisasjonen Betre Barnemiljø i Øvre Eidfjord har skaffa den eine av bundane. Skreddar Olaug Måge frå Omastrand i Kvam, saman med lokale tradisjonsberarar har produsert bunaden. Denne bunaden er utstillt på Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord. Eidfjord kommune har også for utleige ein jente/bryllaupsbunad til som er lagra på kommunehuset, denne er litt mindre i storleik. Bunadane vert utleigd i samband med den tradisjonelle jonsokfeiringa kvart år. Det er 1. klasse ved Lægreid skule som har ansvar for feiringa. Vil du leiga bunad?Send søknad til postmottak om du ynskjer å leige brudebunad eller jonsokbunad. Sidan bunadane til vaksne må tilpassast er det viktig at du tar kontakt i god tid. Det vert berre gjort mindre tilpassingar, ein kan ikkje rekna med at bunaden vert sydd om. Tilpassing må avtalast med Hardanger Flid etter at du har inngått leigeavtale. Publisert 01.03.2019 09.04