Alkohollova set rammene for korleis alkoholpolitikken skal forvaltast. Ho regulerer tilgjenge av alkoholhaldig drikk mellom anna gjennom bevillingssystemet, ved fastsetting av vilkår for korleis sal og skjenking skal skje, samt kontroll med at vilkåra vert overhaldne. Lova inneheld òg reglar som tek sikte på å påverka etterspurnad, som for eksempel forbod mot reklame. Lova gjev òg kommunen stor fridom og stort ansvar til å utforma sin eigen lokale politikk som vert nedskrive i ruspolitisk handlingsplan.
Grupper
Alkoholhaldig drikk vert inndelt etter alkoholinnhald:
- Gruppe 1: med over 2,5 og høgaste 4,7 volumprosent alkohol (i hovudsak øl)
- Gruppe 2: med over 4,7 og høgast 22 volumprosent alkohol (i hovudsak vin)
- Gruppe 3: drikk med mellom 22 og 60 volumprosent alkohol (brennevin)
Retningsliner
Alkohollova § 1-7 gjev retningsliner for handsaming ved søknad om sals- og skjenkeløyve.
- Lokalet skal vera godkjend i samsvar med plan- og bygningslov, av brannmynde og mattilsynet
- For skjenkeløyve, skal det føreliggja serveringsløyve
- Det er vandelskrav for personar i bedrifta; eigar, styrar og stadfortredar skal godkjennast
- Det skal innhentast uttale frå politi, sosialtenesta og skatte/avgiftsmynde
- Dagleg leiar, styrar og stedfortredar skal ha godkjent kunnskapsprøve. (Kommunen er ansvarleg for å avhelde slike prøver)
Kommunal bevilling til sals- og skjenkeløyve vert gjeve for 4 år av gongen, med opphøyr seinast 30. september året etter at nytt kommunestyre tiltrer. Det er mogeleg å gje løyve for ein viss del av året eller for eit visst høve.
Gebyr
Alt sal og skjenking av alkoholhaldig drikk mot vederlag krev løyve. Alle innehavarar av sals- og skjenkeløyve skal årleg levera rapport om omsetnad av alkohol til kommunen. Når rapportane er mottekne av kommunen vert gebyr rekna ut og krav sendt ut til den einskilde sals- og skjenkestad.
Bevillingsgebyret vert fastsett ihht. departementets forskrift om gebyrsatsar og innbetaling av gebyr. (Alkohollova § 7-1 og alkoholforskrifta §§ 6-1 og 6-2). Bevillingsmynde kan likevel i særlege tilfelle bestemme at gebyret skal setjast lågare.
Eidfjord kommune har gradert bevillingsgebyr for einskildløyve som fylgjande:
- Skjenking ved einskildhøve (0-99 deltakarar) kr. 600,-
- Skjenking ved einskildhøve (100-200 deltakarar) kr. 1500,-
- Skjenking ved einskildhøve (over 200 deltakarar) kr. 3000,-
Gebyr for sals- og skjenkeløyva, med fråtrekk av kostnadar til skjenkekontrollen, skal øyremerkast førebyggjande tiltak retta mot born og unge.
Lenkjer