Beksot i skorsteinen din?

Har du fått melding frå brannførebyggjar at det er antydning til beksot i skorsteinen din? Eller er du kanskje nysgjerrig på kva som kan gjerast for å førebyggja pipebrann?

Vestnorske feietjenester har laga ein liten guide med informasjon og enkle grep som du sjølv kan gjera for å førebyggja. 
 

Kva er beksot?

Beksot er eit hardt og blankt sotbelegg som vert danna i pipa ved ufullstendig forbrenning, forårsaka av faktorar som fuktig ved, dårlig trekk, lite oksygen. Dette sotbelegget er svært brennbart og kan antennast ved låg temperatur. 

Ved besøk av brannførebyggjar for feiing eller tilsyn, vert det undersøkt om korleis soten ser ut i skorsteinen.  
Den sunnaste formen for sot, vil vera lett og matt pudder. Den typen sot kan ikkje antenna. 
I andre tilfelle vil soten begynne å krystallisera seg eller danne eit mindre lag. Om fyringsvanane då ikkje vert endra, eller det vert gjort andre tiltak, vil laget verta tjukkare, meir solid og utgjera ein stadig større risiko for pipebrann.


Kva kan du sjølv gjera for å førebyggja dannelse av beksot?

  • Sørg for å ha lagra veden tørt og bruk tørr ved
  • Ha godt med trekk i ovnen, speiselt under opptenning og når veden tar skikkeleg fyr
  • Ikkje bruk for mykje ved om gongen, pass på at veden brenn, ikkje ulme
  • Bruk tennbrikkettar/posar/opptenningsved i staden for papir  eller aviser for opptenning
  • Rengjer ovn og ovnsrøyr regelmessig


Førebyggjing/råd og veiledning

I enkelte tilfelle kan det væra meir komplekse årsaker til dannelse av beksot, som til dømes terrenget bustaden din ligg i, tilstanden til skorsteinen mm. 
Brannførebyggjar/feiar kan i slike tilfelle hjelpe med å finne gode tilpassa løysingar. 

Dersom du sjølv avdekke beksot, kan du kontakte brannførebyggjar/feiar for råd og veiledning. Beksot kan fjernast med maskin der overnemnte tiltak og ordinær feiing ikkje har hatt effekt. 

Kontakt

Vestnorske feiartjenester AS
Mobil 91 70 82 77