Planforslag kommuneplanen sin arealdel 2025-2035

I tråd med vedtak 25/021 i Eidfjord formannskap har forslag til kommuneplanen sin arealdel for Eidfjord kommune 2025-2035 vore på høyring og til offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova §11-14. Planen var på høyring mellom 20.03-18.05.2025.

Kommuneplanen sin arealdel hadde oppstart i overgangen 2021-2022. Våren 2022 vart nytta til utforming av planprogrammet til kommuneplanen sin arealdel. Vidare forsatte me inn i ein informasjon- og opplysningsbolk i samband med innspelsrunda. Administrasjonen arrangerte folke- og temamøter for å informera om kommuneplanprosessen, vekka tanker hos innbygjarane og be om innspel til planen. Innspelsperioden var frå oktober 2022 til mars 2023. 

Planforslag

Administrasjonen har saman med ei politisk styringsgruppa arbeida fram eit forslag til kommuneplanen sin arealdel for perioden 2025-2035 (planid: 2022001). Då gjeldande kommuneplan vart laga, gjaldt plan- og bygningslova av 1985. Siden den gang har me fått ny plan- og bygningslov av 2008, og denne har andre føringar for utforming av kommuneplanen sin arealdel.

Ny kommuneplan inneber oppdaterte og utfyllande føresegner som fylgjer plankartet. Plankartet er oppdatert til ny SOSI-standard for arealføremål. Innhaldet i plankartet er mykje likt som gjeldande plan, med nokre nye elementer. Etter politisk avgjersla har ein valt å ta inn få nye områder til fritidsbustadbygging, fokusera på utbygging i eksisterande områder og framtidige områder frå gjeldande kommuneplan. I planarbeidet har ein arbeida inn samtlige stølsområder frå gjeldande kommuneplan med avgrensing av områder i LNFR spreidd fritidsbustad og tilhøyrande retningsliner. Ein har valt å regulera inn kraftverksinstallasjoner i fjellet for å unngå unødvendige dispensasjonar frå kommuneplan. Når det gjeld bustad har valt å forsterka spreidd bustadbygging gjennom å regulera areal for LNFR spreidd bustad i grendene. Ny arealbruk per grend kan sjåast i vedtak 25/021 (PDF, 921 kB) frå Eidfjord formannskap.

Fullstendig planforslaget, samt dokumentasjon frå prosessen ligg tilgjengeleg på arealplaner.no. Kart kan sjåast digitalt i kommunen si kartløysing.

Til planforslaget har Vestland fylkeskommune laga eit arealrekneskap og visuell teneste kor ein kan sjå skilnaden frå gjeldande kommuneplan og forslag til ny kommuneplan. Vidare har Vestland fylkeskommune laga ei kartløysing kor ein kan sjå bebygd/ubebygd reguleringsplan opp mot kommuneplan.

Innspel til planforslaget

Frist for å gje innspel og merknader til planen var 18.05.2025. 

Innkomne merknader vil verta gjennomgått. Eventuelle nye innspel som kjem, vil etter frista verta vurdert etter same konsekvensutredning- og risiko- og sårbarheits-metodikk som innspela frå starten av prosessen. Den politiske styringsgruppa vil vera aktiv i prosessen med vurdering av innspela. Innspela vil på lik lina som innspel i første runde, verta vedtekne av formannskapet om dei skal arbeidast vidare med eller ikkje.

Pågåande arbeid

Kommunen har motteke innspel og merknader til planarbeidet. Mellom anna har me motteke motsegner frå NVE og Vestland fylkeskommune. Statsforvaltaren i Vestland har bede om ytterlegare dokumentasjon til planforslaget, før dei vil gje ein endeleg uttale til planen. Kommunen vil ettersomma Statsforvaltaren sine formelle dokumentasjonskrav, før ein går vidare i handsaminga av merknadane. Ettersom det er framstilt motsegn mot kommuneplanen, er det fokus på å løysa desse. Motsegnene knytter seg til avklaringar av naturfare, utbygging i Sysendalen og høgfjellet/stølsområder.

Kontakt

Anne Kommedal
Rådgjevar - Plan
E-post
Telefon 53 67 35 00
Mobil 48 35 75 52