Prosess for rullering av kommuneplanen sin arealdelI tidslina under kan du sjå kva prosess rulleringa skal gjennom, og til kva estimert tidspunkt. Publisert 07.07.2025 13.52 Sist endra 08.07.2025 07.36 Tidsline rullering av kommuneplanen sin arealdelArbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel er eit stort og ressurskrevjande arbeid. Tidslina syner førespeila framdriftsplan, endringar kan førekomma.Juni 2021: Vedtak oppstart av arbeidEidfjord kommunestyre vedtok 03.06.2021 at arbeidet med rullering av kommuneplanen sin arealdel skulle starta opp. Les meir om kvifor me rullera arealdelen.Mai 2022: Planprogram på høyringPlanprogrammet vart sendt på høyring og til offentleg ettersyn. Samstundes blir det varsla oppstart av planarbeidet. Det vart oppmoda til å komma med innspel på rammer for arealbruken.Oktober 2022: Vedteke planprogramEtter gjennomgang av innspel vert planprogrammet knadd ein gang til. Planprogrammet vert vedteke av Eidfjord kommunestyre i oktober 2022.Haust 2022 - vinter 2023: Folke- og temamøterDet har vorte gjennomført folke- og temamøter for å opna dialogen kring innspel til planarbeidet. Møtene er helde for å møta innbyggjarar og høyra deira visjoner for bygda. Oktober 2022 - mars 2023: InnspelsperiodeOpen innsplesperiode til planarbeidet. Innspela vart i ettertid vurdert etter ein felles ROS og KU-metodikk, samt vurdert av politisk nivå.Vår 2024 - vår 2025: Utarbeide planforslagPå bakgrunn av planprogrammet og innkomne innspel har administrasjonen og styringsgruppa for kommuneplanen sin arealdel arbeida fram eit planforslag. Vår 2025 : Planforslag på 1. gongshøyringPå vårparten i 2025 var forslag til kommuneplanen sin arealdel lagt på høyring og til offentleg ettersyn.Pågåande: arbeid med planforslagI høyringa av planforslaget mottok me merknader og innspel som vert gjennomgått. Me har motteke tre varsel om motsegn som kommunen bør løysa før vidare planprosess.