Er det ein ny koordinator, vert vedkommande introdusert for familien i dette møtet.
Barnet kan delta dersom det er ynskjeleg. Dersom barnet ikkje kan eller ynskjer å delta, kan føresette eller ein annan trygg person formidla barnet sine tankar og meiningar inn i møtet.
I møtet drøftar de kva tenester som kan vera aktuelle å invitera inn i eit ansvarsgruppemøte. Familien avgjer kven som skal delta, men koordinator har ansvar for å rettleia og gi råd med utgangspunkt i ei vurdering om kva som er best for barnet. Husk samtykke før ein koplar på nye tenester.
Koordinator inviterer inn til ansvarsgruppemøte og opprettar individuell plan saman med familien. Evaluering og oppfølging av tiltak og fristar. Den individuelle planen vert brukt i evalueringa av tiltak.