Psykisk helse- og rustenestePsykisk helse- og rustenesta i Eidfjord kommune er eit gratis lågterskeltilbod for born, unge, vaksne og familiar som opplever psykiske helseutfordringar, rusutfordringar eller belastande livssituasjonar.Alle kan ha periodar i livet der ein treng støtte, råd eller nokon å snakka med. Målet vårt er å bidra til meistring, livskvalitet og deltaking i kvardagen gjennom tidleg hjelp og tilpassa oppfølging.Kven kan få hjelp?Born og unge som strevar med psykisk helse, trivsel eller meistringFøresette som er uroa for bornet sitt eller ungdommen sinVaksne med psykiske helseutfordringarPersonar med rusutfordringar eller bekymring for eige rusbrukMenneske som opplever kriser, sorg, tap eller andre belastande livshendingarPårørande og familiar som treng råd og støtteTilbodStøttesamtalar og oppfølgingRåd og rettleiingKartlegging av hjelpebehovStøtte ved krisar og livsendringarOppfølging ved psykiske helse- og rusutfordringarSamarbeid med fastlege, skule, barnehage og andre aktuelle tenesterSamarbeid med spesialisthelsetenestaHjelp til å finna rett tilbod og vidare oppfølgingTilbodet vert tilpassa den enkelte sine behov og ressursar.PrisTenesta er gratis.KontaktDu kan ta kontakt direkte eller fastlegen for tilvising.Aktuelle lenker Mental Helse Mental Helse Ungdom Publisert 19.03.2019 18:30 Sist endra 10.08.2026 11:20