Informasjon om stefettlogg

Stafettloggen i Flyt Samspill - tidleg intervensjon og tverrfagleg samarbeid

Stafettloggen er eit elektronisk arbeidsverktøy for å registrera innsats og avgjerder som vert tekne rundt gravide, barn, unge og foreldre/familiar. Verktøyet vart introdusert i Noreg i samband med innføring av BTI-modellen (betre tverrfagleg innsats), som består av ein handlingsrettleiar og stafettloggen.

Stafettloggen skal bidra til samordning og hindra brot i hjelpetilbodet til den enkelte brukar. Loggen følgjer brukaren. Stafettloggen i Flyt Samspill byggjer på den same funksjonaliteten som individuell plan.

Sentrale arenaer rundt BTI vil vera barnehage, skule, skulehelseteneste, helsestasjon, PPT og BUP.

Stafettloggen