Rolleforklaring stafetthaldar

Kven er stafetthaldaren? 

På nivå 1-2:  Det er ønskjeleg at stafetthaldaren er nær barnet i kvardagen.

  • Kontaktlærar på skulen
  • Pedagogen i barnehagen

Helsesjukepleiar

På nivå 3:  Dersom stafetthaldar ikkje har nok kunnskap/kompetanse til å vareta koordineringsansvaret på nivå 3 bør det vurderast om andre i samarbeidet kring barnet skal ta over stafettpinnen.

Behov for individuell plan? Dersom barnet har behov for langvarige og koordinerte tenester bør du vurdera om barnet har rett på individuell plan. Dette kan du drøfta med koordinator tilsett i bu- og miljøtenesta.

Du har rett på individuell plan når du har behov for langvarige og koordinerte tenester etter helse- og omsorgstenestelova § 7-1.

Behov for barnekoordinator? I dei tilfellene der ein familie har, eller ventar, barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette, eller koordinerte, helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester, skal kommunen oppnemna ein barnekoordinator dersom dei føresette samtykker til dette, jamfør helse- og omsorgstenestelova § 7-2a. Sjå meir om barnekoordinatorrolla i artikkelen “Rolleforklaring barnekoordinator”.