Den nødvendige samtalen - barn

Viktig at den som gjennomfører samtalen har nødvendig kompetanse og god relasjon til barnet

Kontakt og informasjon om formål

  1. Forklar kvifor de skal snakka saman 
  2. Fortel om observasjonen(ane), kva du lurar på
  3. Etterspør kva som ligg bak adferden/endringa (motorisk, sosialt, språkleg, konsentrasjon/merksemd trivsel, fagleg eller anna). 

Fri forteljing og utdruping

  1. Oppfordra til fri fortelling, bruk opne spørsmål. (Kva tenkjer du om...? Kvifor trur du det er slik...? –spørsmål som har fleire moglege svaralternativ) 
  2. Syt for å vera ein aktiv lyttar (Ver merksam, vis at du er konsentrert om det som vert sagt, spør om meir informasjon, gjenta og oppsummer for å vera sikker på at du forstår rett) 
  3. Bruk gjerne informert gjetning. (dersom det skjedde trur eg at du...., Kan det vera slik at...?, Eg vil gjetta på at du meinar...) 
  4. Hald eit opplevingsfokus (Kva var det som faktisk skjedde?, Fortel meir om dette... Korleis opplevde du...?) 

Oppsummering og avslutning

  1. Konkret oppsummering av innhaldet i samtalen
  2. Takk for samtalen og ros til barnet/ungdommen 

Grunn til bekymring

Om barnet/ungdomen har fortalt noko som gjev grunn til bekymring

  • Plan for kva som skjer vidare: 
    - Kva skal skje? 
    - Kven skal involverast? 
  • Når skal det skje? 
  • Tilby hjelp og støtta, ikkje lov noko du ikkje kan stå for 

Ingenting kom fram

Om ingenting har kome fram

  • Avslutt med daglegdagse tema
  • Opne opp for ein ny samtale 
  • Ta nytt initiativ etter nokre dagar