Den nødvendige samtalen - føresette

Undringssamtale – ein samtale med foreldre/føresette når du vert merksam/bekymra for eit barn eller omgjevnadane rundt barnet.

1. Rammer for samtalen

  • Dato:
  • Stad:
  • Tilstades: (fagpersonar, føresette, barnet ved behov)
  • Varigheit: (tilrådd maks 1 time)  
  • Formål: Å dele bekymringa for føresette /barnet/ungdommen og starte samarbeid for å betre situasjonen.  

2. Innleiing

  • Kort velkomst og praktisk informasjon.
  • Kort, uformell småprat for å skape tryggleik.
  • Presenter formålet med samtalen:  
  • Eksempel: «Me har invitert dykk til denne samtalen fordi me har nokre observasjonar vi ønsker å dele.»
  • Forsikre føresette om at målet er samarbeid, og at dei er viktige for barnet.

3. Presentasjon av bekymringa

3.1 Kva som er observert

  • Beskriv konkret kva som er sett eller opplevd, utan tolkingar.
  • Balanser mellom positive ressursar hos barnet og uroa.  
    «Barnet viser styrke i…, samstundes har me merka…»

3.2 Kvifor dette vekkjer uro

  • «Dette gjer oss urolige fordi…»
  • Ta med situasjonar, frekvens, endringar, eller mønster.

4. Føresette sine perspektiv

Spør:  

  • «Kjenner de dykk att i dette?»
  • «Korleis opplever de situasjonen heime?»
  • Gje plass til alle reaksjonar. Vere open og lyttande.  
  • Ikkje diskuter eller argumenter rundt fakta – hald deg til det som er observert.

5. Samtale om barnet sine behov

Felles refleksjon om kva barnet treng no.

Vurdere:  

  • Korleis barnet verkar å ha det i kvardagen.
  • Om situasjonen påverkar trivsel, læring, sosialt liv, tryggleik.
  • Gje nøktern informasjon om korleis barn generelt kan påverkast av belastningar.

6. Tiltak og vidare plan

6.1 Kva kan tenesta (skule/barnehage) gjera?

Konkrete tiltak:  

  • (t.d. ekstra oppfølging, observasjon, struktur, tilrettelegging)

6.2 Kva kan føresette gjera?

  • Avtal realistiske og gjensidig forplikta punkt.

6.3 Behov for andre instansar

  • Vurder om det bør innhentast samtykke for å involvere andre (PPT, helsestasjon, tverrfagleg team, barnevern).
  • Samtykke skal presenterast og forklarast tydeleg.

7. Oppsummering

Møteleiar sumerar opp:  

  • kva som er delt
  • kva de er einige om
  • kva som skal gjerast og av kven
  • fristar og målepunkt

Sikre at føresette kjenner seg att i formuleringane.

Er det grunn til vidare oppfølging skal det informerast om føremålet med stafettlogg. Gje ei kort forklaring på kva stafettloggen er, korleis den kan styrka samarbeidet, og bidra til oversikt over tiltak og avtalar.

Avtal tidspunkt for neste møte.

Minn om at endring er ein prosess over tid.

8. Etterarbeid (internt)

  • Skriv referat som føresette kan kjenne seg att i.
  • Vurder eventuell bruk av stafettlogg dersom bekymringa varer.
  • Drøft vidare oppfølging ved behov.