Den nødvendige samtalen

Førebuing og gjennomføring av den nødvendige samtalen

Til bruk for tilsette

Samtalen

Samtalen vert gjennomført så fort som mogleg etter at uroa har oppstått.

Den nødvendige samtalen er ein planlagt og godt førebudd samtale mellom den profesjonelle og føresette, og dersom det er formålstenleg skal barnet/ungdomen vera med. Samtalen tek utgangspunkt i ei uro for barnet/ungdomen og/eller observasjonar som fagpersonen har gjort. Føremålet med samtalen er å dela uroa for barnet/ungdommen med føresette for å byrja eit samarbeid med familien.

Du skal presentera uroa du opplever til de føresette på ein slik måte at:

  • dei forstår uroa du formidlar
  • skjønar at det er nødvendig å ha eit bevisst forhold til situasjonen som vert skildra
  • det vert sett i gang refleksjonar
  • du skapar rom for at de saman kan undre dykk over det som er observert

Målet med samtalen er:

  • Å avklara om det er behov for hjelpetiltak rundt barnet/ungdommen/familien.
  • Å etablere eit samarbeid med føresette som kan betra situasjonen for barnet/ungdommen, med utgangspunkt i at barnet/ungdommen sjølv og dei føresette alltid er ein del av løysinga.

Har du mistanker om vald eller seksuelle overgrep 

  • Ved mistanke om vald skal du ta direkte kontakt med politiet og barnevernstenesta
  • Ved mistanke om seksuelle overgrep skal du ta direkte kontakt med politiet

Førebuing til samtalen:

  • Kva har hendt, og kvifor er du uroa for barnet/ungdommen? Del dette med næraste leiar
  • Tenk gjennom kva du ønskjer å oppnå med samtalen. Hugs målet med den nødvendige samtalen
  • Ver førebudd på å verta møtt med eit vidt spekter av ulike reaksjonar, alt frå lette over at temaet vert teke opp – til fornekting og sinne

Rammer rundt samtalen:

  • Inviter i god tid. La føresette få informasjon om tema i forkant
    Vurder i kvart enkelt tilfelle om du inviterer muntleg eller skriftleg
  • Set eit fast tidspunkt for samtalen
  • Unngå møter som varer meir enn ein time
  • Avslutt samtalen dersom han ikkje fungerar, og forklar kvifor de avsluttar før
    tida. Avtal heller eit nytt møte

Generelle innspel til samtalen:

  • Føresette si oppleving av likeverd og respekt i samtalen vil vera avgjerande for det vidare samarbeidet om å få betra situasjonen for barnet/ungdommen. 
  • Lei samtalen utan å avvisa innspel fra dei andre. 
  • Ver direkte og tydeleg om det du har sett, dine opplevingar og dine undringar om kva dette kan føra til for barnet/ungdommen. Ikkje problematiser. 
  • Lytt og ver open, raus og respektfull i dialogen. 
  • Ikkje diskuter/argumenter rundt observasjon og fakta. 
  • Ta imot kritikk og innrøm eventuelle feil. Lytt utan å gå i forsvar.  
  • Tål at det vert stille, gje dei andre tid.  
  • Sei alltid det som er positivt. Løft fram ressursane til barnet/ungdommen og ver løysningsorientert.  
  • Unngå for mange faguttrykk.

Tips til hvordan du kan formulere deg:  

  • Eg/me opplever at... 
  • Eg/me har observert at...  
  • Eg/me lurar på.... 
  • Kva tenkjer de om det eg har formidla?  
  • Korleis opplever du/de det når eg seier....? 
  • Eg ser at du reagerar på det eg seier. Kan du fortelja meg kva du tenkjer om det?  
  • Eg høyrer at du er uenig i det eg har sagt. Kan du forklara meg korleis du ser på situasjonen? 
  • Har de snakka noko om temaet for samtalen heima på førehand? Dersom ja, korleis?  
  • Korleis opplever de å verta kalla inn til samtale?  
  • Korleis vil de snakka om dette heima i etterkant av samtalen i dag?  
  • Kva treng de for å handtera denne situasjonen? Kven kan hjelpa dykk med det?


Fasar i ein samtale: