Kva gjer oppvekstgruppa?
Gruppa møtest jamleg gjennom året for å planleggja og følgja opp førebyggjande tiltak for barn og unge. Målet er at barn og unge i Eidfjord skal ha ein trygg oppvekst og få god hjelp tidleg dersom dei treng det. Les meir om korleis kommunen jobbar for å inkludera alle i fritidserklæringa for Eidfjord.
Kven er med i oppvekstgruppa?
I oppvekstgruppa samarbeider tilsette frå skulen, helsetenesta, barnevernet og politiet. Desse er med i gruppa:
- sosiallærar ved Lægreid skule
- helsesjukepleiar
- psykiatrisk sjukepleiar
- sosialleiar
- førebyggingskoordinator
- Hardanger barnevern
- politiet
Ruspolitisk handlingsplan
Arbeidet til oppvekstgruppa byggjer på kommunen sin ruspolitiske handlingsplan. Planen viser kva mål og tiltak kommunen har for å førebyggja rusproblem.
Les ruspolitisk handlingsplan 2024–2028 - intern link