Ta kurs i styrketrening for ungdom

Er du 15 år, eller fyller du 15 år dette semesteret? Då kan du melda deg på styrketreningskurs i idrettshallen og bli godkjent for å trena på eiga hand.

Kven kan delta?

Tilbodet gjeld for ungdom som har fylt 15 år, eller som fyller 15 år i løpet av semesteret. Vanlegvis må du vera over 18 år for å kjøpa treningskort på treningssenteret, men med dette kurset får du tilgang tidlegare.

Kva lærer du på kurset?

Ein instruktør rettleier deg gjennom kurset. Du lærer:

  • korleis du bruker apparata på treningssenteret
  • grunnleggjande styrketrening
  • korleis du trener trygt og godt

Når du har fullført kurset og vist at du bruker utstyret trygt, blir du sertifisert.

Kva skjer når du er sertifisert?

Når du har blitt sertifisert og har fylt 15 år, kan du kjøpa ditt eige nøkkelkort til treningssenteret. Ungdom mellom 15 og 18 år får 50 prosent rabatt på treningskort.

Prisar på sertifiseringskurs

Folkehelsetiltak
TilbodPris
Babysymjing (8 veker)800
Vasstrening (7 veker)1000
Sertifiseringskurs ungdom500
Sertifiseringskurs eldre500

Prisar på treningskort

Treningssenter
Type kortPris
Årskort3000
Halvtårskort2000
Månadskort/periode500
Dagskort100
Ungdom 15-18 år får 50% rabatt

Når startar kursa, og korleis melder du deg på?

Me held eitt kurs kvart semester, og du må melda deg på kvart kurs:

  • Vårkurs (startar i januar): for deg som har fylt eller fyller 15 år frå januar til juni.
  • Haustkurs (startar om hausten): for deg som har fylt eller fyller 15 år frå juli til desember.

Kor finn du informasjon om kursa?

Me annonserer kursa på:

  • Heimesida til kommunen
  • Den kommunale Friskus appen

 

Retningsliner for treningssenteret