Kva krevst for å jakta?
Aldersgrensa og krava til opplæring kjem an på kva du skal jakta på:
- Småvilt og fangst: Du må ha fylt 16 år.
- Storvilt: Du må ha fylt 18 år. Storvilt er alle hjortedyr, bjørn, ulv, jerv og gaupe.
- Jegerprøven: Alle over 16 år som ikkje står i Jegerregisteret frå før, må ta jegerprøven før dei kan jakta eller driva fangst. Opplæringa består av eit obligatorisk kurs på 30 timar hos eit jakt- og fiskarlag, og ein elektronisk eksamen som kommunen arrangerer. Du kan ta eksamen frå det kalenderåret du fyller 14 år.
Dokumentasjon du må ha med på jakt
Når du er på jakt, må du alltid ta med deg:
Kjøp jaktkort for småvilt
Med unntak av jakt på fjorden, må du alltid ha løyve frå grunneigaren før du startar jakta.
- Statsallmenningen: Du kan kjøpa jaktkort for småviltjakt på Eidfjord statsallmenning på nett hos Inatur.
- Grunneigarlag og sameiger: Fleire sameiger og grunneigarlag i kommunen sel òg jaktkort for småvilt. Desse må du ta direkte kontakt med.
- Kjøp jaktkort i Eidfjord statsallmenning på Inatur
- Sjå kart over jaktområde for utanbygds jegrar (PDF, 833 kB)
Grunneigarlag i Eidfjord
Kommunen har ikkje full oversikt over kva leiarar i dei ulike grunneigarlaga og kven som til ei kvar tid sel jaktkort. Ta direkte kontakt med laget for å høyra om kortsal.
- Olavsdalen - Frisæter sameiga
- Veigdalen grunneigarlag
- Sandvadet sameiga
- Vivelid sameiga
- Vedal og Fivlingen grunneigarlag
- Drølstl - Skisete - Hadle sameiga
- Feet sameiga
- Bjoreidalen søre sameiga
- Nordre Bjoreidalen grunneigarlag
- Krossdalen sameiga
- Simadalen Samiega
- Maurset
- Kjeåsen
- Rembesdalen
- Skår
- Hansalia
Reglar og minsteareal for storviltjakt
I Eidfjord kommune er det opna for jakt på hjort, elg og rådyr. Når du jaktar storvilt, gjeld desse statlege krava:
- Fellingsavgift: Du må betala fellingsavgift etter jakta når du har felt elg, hjort eller villrein.
- Fellingsrapport: Alle godkjente vald for elg, hjort og rådyr må senda inn fellingsrapport til kommunen seinast 14 dagar etter at jakta er avslutta. Elg- og hjortevald må i tillegg levera ferdig utfylt «sett elg»- og/eller «sett hjort»-skjema frå alle jaktfelt i valdet.
- Ettersøkshund: Jegerar og jaktlag må ha tilgang til godkjent ettersøkshund under jakt på elg, hjort og rådyr.
Minsteareal og godkjenning av vald
Eit vald er det minste geografiske området som kan få tildelt fellingsløyve frå kommunen eller villreinnemnda. Valdet må vera samanhengande og ha ei form som gjer det eigna til jakt på den aktuelle arten. Tildeling av fellingsløyve blir rekna ut frå storleiken på det teljande arealet i valdet.
Eigedommar der grunneigaren ikkje har stilt jaktretten til disposisjon, kan liggja innanfor yttergrensa til valdet, men arealet blir ikkje rekna med i valdet og det er ikkje lov å jakta der.
Oversikt over vald i Eidfjord
Få utbetalt skotpremie på rev og mink
Eidfjord fjellstyre betaler ut skotpremie for raudrev og mink (satsar per 1. april 2019):
- Raudrev: 500 kroner
- Mink: 200 kroner
Slik får du utbetalt skotpremie
- Du må vera innbyggjar i Eidfjord kommune.
- Avtal innlevering eller framsyning på førehand med sekretæren i Eidfjord fjellstyre.
- Lever inn begge framføtene eller vis fram heile dyret til sekretæren.Registrering, kart og jakttilbod
Her finn du lenkjer til registrering, jaktkort for utanbygds jegrar og nyttig informasjon om jakt i Eidfjord:
Søk stønad frå Eidfjord viltfond
Eidfjord kommune har eit eige viltfond. Søknadsfristen for å søkja om midlar frå fondet blir lyst ut ein gong i året.
Viltforvalting, bestandsmål og fallvilt
Eidfjord vilt- og innlandsfiskenemnd er ei politisk oppnemnd nemnd som følgjer valperioden til kommunestyret. Kommunen har òg vedteke bestandsmål for elg, hjort og rådyr som skal brukast når jaktvald søkjer om godkjenning av bestandsplanar.
Eigedomsrett og varsling: Hjortevilt og bever er kommunen sin eigedom. Alt anna vilt tilhøyrer Viltfondet og skal som hovudregel varslast til kommunen. Du må òg varsla kommunen dersom du finn eller feller artar som er registreringspliktige.
Har du køyrt på eller funne skadd vilt?
Ring politiet på telefon 02800 med ein gong dersom du køyrer på vilt eller finn sjukt eller skadd vilt. Politiet set deg i kontakt med viltnemnda i kommunen.
- Merk staden: Merk staden der dyret blei påkøyrt, og gi ei god skildring av kvar dyret gjekk.
- Avliving av små dyr og fuglar: Dersom eit lite dyr eller ein fugl openbert ikkje kan leva vidare eller bli friskt, kan du avliva dyret sjølv – men berre dersom du veit korleis du gjer det utan å påføra dyret meir liding.
Har du opplevd skade frå vilt eller rovvilt?
Ta kontakt med Statens naturoppsyn eller rovviltkontakten dersom du treng hjelp eller vil melda frå om skade gjort av vilt.