Oversikt over verna område
I Eidfjord kommune har me fem område med særskilt vern:
- Hardangervidda nasjonalpark (Noregs største nasjonalpark på fastlandet)
- Skaupsjøen og Hardangerjøkulen landskapsvernområde (freda landskap rundt breen)
- Bjoreidalen naturreservat (fjell- og våtmarksområde på Hardangervidda)
- Veig og Erdalsvassdraget (to vassdrag som er verna mot kraftutbygging)
- Fredingssoner for hummar (to område i fjorden der teine- og rusefiske er forbode)
Reglar for ferdsel og fiske i dei ulike områda
Hardangervidda nasjonalpark
Hardangervidda nasjonalpark vart oppretta i 1981 og strekkjer seg over seks kommunar, blant anna Eidfjord. Vernet skal ta vare på høgfjellslandskapet, dyrelivet, plantene og kulturminna, samstundes som du kan bruka området til jakt, fiske, landbruk og naturvenleg friluftsliv.
Hardangervidda har Noregs største bestand av villrein. Villreinen er ein nasjonal ansvarsart, og Eidfjord kommune har eit særleg ansvar for å ta vare på han. På Norsk Natursenter i Øvre Eidfjord kan du læra meir om nasjonalparken, geologien og villreinen.
Skaupsjøen og Hardangerjøkulen landskapsvernområde
Dette området er på om lag 551 kvadratkilometer og vart freda i 1981. Målet med vernet er å ta vare på det særprega naturlandskapet og kulturminna rundt Hardangerjøkulen og inn mot nasjonalparken.
Bjoreidalen naturreservat
Bjoreidalen vart verna i 1995 for å beskytte eit rikt og sårbart fugleliv i hekketida.
Viktige reglar for ferdsel og telt i Bjoreidalen
Frå og med 20. mai til og med 20. juli er det ekstra strenge reglar i naturreservatet:
Verna vassdrag: Veig og Erdalsvassdraget
Både Veig (verna sidan 1981) og Erdalsvassdraget (verna sidan 1993) er verna mot kraftutbygging. Begge elvane renn gjennom Eidfjord og Ullensvang, frå høgfjellet og ned til fjorden. Vernet skal ta vare på det urørte landskapet, det biologiske mangfaldet og kulturhistoria langs elvane. I Veig finn du mellom anna Valurfossen, som har eit loddrett fall på 300 meter.
Fredingssoner for hummar
Fiskeridirektoratet har oppretta to fredingssoner for hummar i fjorden i Eidfjord. I desse sonene er det forbode å fiska med teiner og ruser langs land og ned til 50 meters djupne (rekna frå lågaste vasstand).
- Grader, minutt og desimalsekund: 60° 28' 17,311" N – 6° 54' 30,007" Ø og 60° 28' 27,609" N – 6° 51' 2,021" Ø
- Grader og desimalminutt: 60° 28,286’ N – 6° 54,500’ Ø og 60° 28,460’ N – 6° 51,034’ Ø
- Grader, minutt og desimalsekund: 60° 30' 11,475" N – 6° 58' 58,865" Ø og 60° 29' 31,412" N – 6° 55' 34,376" Ø
- Grader og desimalminutt: 60° 30,191’ N – 6° 58,981’ Ø og 60° 29,524’ N – 6° 55,573’ Ø