Utforska og oppleva Hardangervidda nasjonalpark i Eidfjord

Hardangervidda er Europas største høgfjellsplatå på om lag 8,6 millionar dekar, og ho gir høve til friluftsliv gjennom heile året. Ein stor del av nasjonalparken ligg i Eidfjord kommune, som har status som nasjonalparkkommune.

Her finn du oversikt over kva nasjonalparken er, og kva reglar som gjeld for ferdsel og bruk i verneområda og statsallmenningen.

Om Hardangervidda nasjonalpark

Noregs største nasjonalpark på fastlandet vart oppretta 1. juni 1981. Eidfjord kommunestyre har vedteke å innarbeide kriterie for nasjonalparkkommunar i samfunnsdelen til kommuneplanen sin, slik at kommunen er ein aktiv aktør under merkevara Norges nasjonalparkar.

Føremålet med nasjonalparken er å verna eit særleg verdifullt høyfjellsområde. Landskapet med plantar, dyreliv, natur- og kulturminne og naturmiljø skal bli bevart, samtidig som området kan nyttast til landbruk, friluftsliv, naturopplevingar, jakt, fiske, undervisning og forsking.

  • Utstrekning: Nasjonalparken dekker eit areal på 3422 kvadratkilometer og er fordelt på seks kommunar i tre fylker: Eidfjord og Ullensvang (Vestland), Hol og Nore og Uvdal (Buskerud), og Vinje og Tinn (Telemark).
  • Andre område: Inntil nasjonalparkgrensa ligg landskapsvernområda Skaupsjøen/Hardangerjøkulen (561 kvadratkilometer) og Møsvatn/Austfjell (301 kvadratkilometer).
  • Grunneigedom: Over halve nasjonalparken (54 prosent) ligg på privat grunn, medan berre 2,8 kvadratkilometer av statsallmenningen ligg utanfor verneområda.

Gå på tur i Bjoreidalen naturreservat

Bjoreidalen naturreservat er eit fjell- og våtmarksområde som er verna for å ta vare på eit rikt og sårbart fugleliv i hekketida.

Frå og med 20. mai til og med 20. juli er det ekstra strenge reglar for å verne fuglane mot uro:

  • Du kan berre gå på stiar som er særskilt oppmerka. All anna ferdsel er forbode.
  • Du kan ikkje campa eller slå opp telt i terrenget.
  • Du kan setja opp telt innanfor ein radius på 30 meter frå stølshusa.

 

Besøkje Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde

Landskapsvernområdet ligg inntil Hardangervidda nasjonalpark og vart freda 10. april 1981. Området er på om lag 551 kvadratkilometer og ligg både i Vestland (tidlegare Hordaland) og Buskerud fylke. Området er verna for å ta vare på eit særmerkt og vakkert naturlandskap med mange kulturminne.

Les forskrift om vern for Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde på Lovdata

Les forvaltningsplanen for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde (PDF, 11 MB)

Bruk Eidfjord statsallmenning

Eidfjord statsallmenning er på 550 000 dekar og blir forvalta av Eidfjord fjellstyre etter fjellova. Fjellstyret er eit sjøstendig organ med eigen økonomi som ikkje er underlagt kommunestyret, sjølv om kommunestyret vel medlemer til styret.

Fjellstyret administrerar bruksrettar i allmenningen, noko som i hovudtrekk omfattar:

  • jordbruk med seter og beite
  • jakt, fangst og fiske

Hovudoppgåva til fjellstyret er å forvalta desse rettane til beste for dei som har bruksrett og for lokalt næringsliv, samtidig som dei tek vare på naturvern- og friluftsinteressene til storsamfunnet.

Tilsynsutval og byggesaker i nasjonalparken

For kvar valperiode vert det valt eit statleg tilsynsutval oppnemnt av Miljødirektoratet for å følgja med på utviklinga i verneområda og gje råd om forvaltninga. Tilsynsutvalet for Vestland har medlemmar frå Ullensvang, Eidfjord, Ulvik og Odda, med sekretariat i Ullensvang. Statsforvaltaren har møte- og talerett på utvalsmøta.

Kva kan Tilsynsutvalet løyve?

Tilsynsutvalet er forvaltningsstyresmakt for følgjande saker:

  • Ombygging av bygningar innanfor eksisterande grunnflate, mindre tilbygg, riving av gamle bygningar og oppføring av nye med same storleik og bruk.
  • Uttak av torv og stein til bygge- og vedlikehaldsarbeid.
  • Motorisert ferdsel, inkludert avgrensingar etter § 48 i naturmangfoldlova som erstattar verneforskrifta sin § 5.

For andre byggesaker og anlegg er Statsforvaltaren forvaltningsstyresmakt. Hugs at reglar om søknadsplikt til vernemyndigheitene kjem i tillegg til søknadsplikten etter plan- og bygningslova.

Når det gjeld motorferdsel, har lokale og regionale styresmakter gitt løyve til vedlikehald av traktorsleper inn i nasjonalparken for å samle all ferdsel og terrengslitasje til eitt køyrespor. Søknader om motorferdsel i nasjonalparken blir handsama av Tilsynsutvalet etter verneforskrifta og av kommunen etter motorferdselslova.