Nivå 2 - SamskapingTverrfagleg samarbeid SamarbeidsmøteKva er eit samarbeidsmøte?To eller fleire tenester arbeidar etter felles målsettingar og er kjende med kvarandre sin innsats. Du finn rettleiing for møte i tilhøyrande verktøy. Bruk referatmalen “samarbeidsmøter i stafettlogg”.Kva gjer du?Gjennomfør samarbeidsmøte med føresette/barnet og tenestene som skal bidra i samarbeidet på nivå 2.Korleis gjer du det?Presenter saka. Avgjer kven som skal vere stafetthaldar videre. Stafetthaldar har ansvar for kontakt med familien, møteleiing, referat og å oppdatera stafettloggen.Ansvar:Stafetthaldar i lag med samarbeidpartnarar og familienSet målKva gjer du?Set mål for vegen vidare.Korleis gjer du det?Presenter saka for dei involverte partaneSkriv inn mål og tilhøyrande tiltak i stafettloggen - skriv også ned kven som har ansvar for å gjennomføre kva.Avtal tidspunkt for nytt evalueringsmøteHugs at barnet sine meiningar alltid skal lyttast til!Ansvar:Stafetthaldar i samarbeid med familienSett i verk tiltakKva gjer du?Gjennomfør avtalte tiltak på aktuelle arenaerBruk stafettloggen til å dokumenteraFørebu oppfølgingsmøtetKorleis gjer du det?Hugs at barnet har rett til å seia si meining i alt som vedkjem det og at barnet sine meiningar skal vektleggjast. Avklar kven som har ansvar for å snakka med barnet i forkant av evalueringa dersom barnet ikkje skal vera med på møtet sjølv.Ansvar:Stafetthaldar saman med dei andre samarbeidspartane og familien. OppfølgingsmøteOppfølgingsmøteEvaluering med føresette, barnet og alle involverte partarKva gjer du?Gjennomfør oppfølgingsmøte der alle involverte partar er med.Korleis gjer du det?Dersom barnet ikkje er med, ha med barnet si stemma inn i evalueringaSamla alle involverte partarDrøft i kva grad tiltaka har ført til at barnet sin situasjon har endra segTa med kartleggingar, observasjonar og anna dokumentasjon i evalueringaAnsvar:Stafetthaldar og alle samarbeidande partar i lag med familien.Vegen vidareSlutning og vegen vidareKva gjer du?På bakgrunn av evalueringa de har gjort, fatt ei avgjerd om vegen vidare.Korleis gjer du det?Moglege utfall av vegen vidare:Tiltaka har hatt effekt, det er ikkje lenger grunn til bekymring. – Avslutt stafettloggen.Tiltaka har effekt, men me er ikkje heilt i mål. – Arbeidet fortset i nivå 2. Tiltaka har ikkje hatt ønska effekt. Vurder om det skal setjast i gang andre typar tiltak på nivå 2Tiltaka me har sett i verk, har ikkje gjeve den ønska effekten. Me ser det er behov for meir koordinerte tenester etter Helse og omsorgsloven. Når det er vurdert at eit barn, eller ein ungdom, treng langvarig og koordinert oppfølging, er det viktig med ulike avklaringar for det vidare arbeidet. Samarbeidsgruppa drøftar om barnet/ungdommen treng ein ordinær koordinator, barnekoordinator eller ein individuell plan. Dersom det er behov for koordinerte tenester, og føresette ynskjer det, skal dette meldast til koordinerande eining. Stafetthaldar tek kontakt med koordinerande eining sin kontakt person.Om det vert meldt behov om koordinator eller barnekoordinator, held stafetthaldaren fram i rolla si heilt til ny koordinator er oppnemnd. Når det er mest praktisk og føremålstenleg, kan stafetthaldaren sjølv verta oppnemnd som koordinator av koordinerande eining. Dokumenter i stafettloggenDersom du er usikker på kva tenester du skal kobla på, drøft med samarbeidsgruppa eller leiarHugs å fornya samtykke frå føresette når du skal kopla på nye instansar. Stafetthaldar tek ansvar for tilvisingHugs også barnet sin rett til å medverka i eiga sak! Framleis uroaAvslutt saka Publisert 19.09.2024 09.56 Sist endra 02.03.2026 11.28