Mange av oss, anten me er føresette, naboar, venner eller kanskje jobbar med barn og unge, kjem i løpet av livet opp i situasjonar der me ser eller høyrer noko som får oss til å kjenna på uro for eit barn eller ein ungdom. Kanskje har me registrert at barnet/ungdommen slit med noko, eller me opplever signal frå føresette som gjer oss urolege.
Dersom det er mistanke om vald eller overgrep skal du kontakta barneverntenesta eller politi direkte.