Hardanger barnevern

Hardanger barnevern

Hardanger Interkommunale barnevernteneste er felles barnevernteneste for kommunane Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Jondal.

Barneverntenesta skal bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår, ved å sikra at barn og unge som lev under forhold som kan skada deira helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid.

Når barneverntenesta mottek ei bekymringsmelding, har dei frist på ei veke til å konkludere om det vert opna ei undersøking i familien, eller om meldinga vert henlagt.

  • Ei undersøking skal gjennomførast innan 3 månadar.
  • Ved endt undersøking skal barneverntenesta ha konkludert korvidt undersøkinga skal henleggjast og kontakten med familien avsluttast, om familien får tilbod om hjelpetiltak eller om det er naudsynt med tvangstiltak som omsorgsovertaking i familien.
  • Barn skal bu heime så sant det er mogleg.
  • Barneverntenesta legg alltid vekt på å finne årsakane til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.
  • Dei aller fleste familiane barneverntenesta er i kontakt med etter endt undersøking, mottek frivillige hjelpetiltak. Hjelpetiltak kan vere foreldrerettleiing, fritidskontakt, besøksheim eller økonomisk hjelp.
  • Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vera hjelpetiltak.
  • Barneverntenesta ser på born som aktive deltakarar i eigne liv, og i all kontakt med familiar legg me stor vekt på samtalar med barna for å få fram korleis dei opplev sin eigen situasjon.

Kontakt

Hardanger Barnevern
Telefon 53 65 45 70
Mobil 975 58 510


Besøksadresse;

Torget 2-4 2. etg, Odda

Postadresse;

Opheimsgata 31, 5750 ODDA

E-post; hb@odda.kommune.no