Eidfjord kommune har avtale med Bergen kommune om personvernombod.
GDPR
GDPR – General Data Protection Regulation - er ei forordning som er vedteken av EU. Meininga med forordninga er å styrkja personvernet til alle innbyggjarar og sikra eit felles regelverk for personvern i EU/EØS - området.
Sjå også:
Eidfjord kommune si personvernerklæring.
Sjå også Datatilsynet sine nettsider.
Kva betyr det for deg?
Er du tilsett eller leiar og lurar på noko som har med personvern å gjera, kan du ta kontakt. Personvernombodet kan rådgje og rettleia deg som tilsett i det daglege arbeidet du gjer. Dette gjeld og dersom eininga eller avdelinga di skal innføra eit nytt system eller ny rutine.
Er du innbyggjar og lurar på noko i samband med personvern, eller om du lurar på kva rettar du har i samband med personopplysningane kommunen har om deg, så kan du og ta kontakt. Personvernombodet skal fungera som eit kontaktpunkt mellom deg som innbyggjar og kommunen som offentleg instans.
Kontaktinfo
Eidfjord kommune har ei avtale med Bergen kommune om personvernombod.
Du er velkomen til å ta direkte kontakt med personvernombodet via e-post eller brev.
v/Personvernombodet for ombudskommuner
Postboks 7700
N-5020 Bergen
Skriftlege førespurnader er som hovudregel offentlege. Unngå difor å senda brev/e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ynskjer skal vera allment kjent. Bergen kommune fører postliste.