Kva finn du i Eidfjordhallen?
Hallen er 1800 kvadratmeter stor, og hovudsalen kan delast inn i mindre banar. I bygget finn du òg:
- treningssenter
- gruppetreningsrom
- galleri med plass til 240 personar langs hallen
- tekjøkken
- fellesareal i 2. etasje
- klubbrom for Eidfjord idrettslag
Kven bruker hallen når?
Hallen er delt mellom skulen og idrettslaget i veka:
- På dagtid i skuletida: Lægreid skule bruker hallen.
- Etter kl. 16.30 på kvardagar: Eidfjord idrettslag bruker hallen.
Gå til heimesida til Eidfjord idrettslag for å sjå treningstider og aktivitetar
Trena på treningssenteret og gruppetreningsrom
Du må ha fylt 18 år for å bruka treningssenteret, eller vera mellom 15 og 18 år med gjennomført styrketreningskurs og sertifisering.
Gruppetreningsrommet er berre for organisert gruppetrening i regi av Eidfjord idrettslag eller andre organisasjonar, og det må alltid vera ein instruktør eller trenar til stades. Rommet blir ikkje opna for egentrening.
Informasjon om gruppetreningsrom
Meir informasjon om opningstider, prisar, xLock-app, tilgang og retningsliner
Prisar på treningskort
Låna Eidfjordhallen til arrangement
Du kan låna Eidfjordhallen som kulturbygg til ulike tilskipingar og større arrangement.
Les meir om korleis du låner Eidfjordhallen som kulturbygg