Anne Hesvik

Om kunstnaren 

Anne Hesvik er biletkunstnar og kunsthandverkar, hennar kunstnarlege verksemd er dekormaling. 

Anne Hesvik seier "Eg arbeider som kolorist, med hovudvekt på ornamentikk.
Ornamentikken er som musikk. Der fargane er tonar, og ornamentikken den tause tale. Eit universelt språk som vandrar frå land til land, verda over uavhengig av tid, kultur, religion og politikk. Saman med symbolikk, koloritt, med rytme og linjespel rører den ved menneske si sjel, tankar og kjensler.

Eg brukar dei klassiske maleteknikkane som limfarge og oljemaling på kridt- og limgrunna treplater, på lerret og på tredimensjonale skulpturelle gjenstandar av ulike treslag." 
Kjelde: Harding Puls si side om Anne Hesvik 

Om utstillinga

Som kunstnar arbeidar Anne Hesvik som kolorist, der fargar er tonar, ornamentikken den tause tale, og kjærleik for

"" - Klikk for stort bilete Anne Hesvik

 tradisjonar er bærande i hennar formspråk. Ornamentikken er som musikk. Eit universelt språk som vandrar frå land til land, verda over, uavhengig av tid, kultur, religion og politikk. Ornamentikken er ikkje berre ein dekor. Overalt finn du ornamentikken; i dei stille rom, i kyrkjer, katedralar, synagoger, regjeringsaler og slott. Saman med symbolikk, koloritt, rytme og linjespel rører ornamentikken ved menneske si sjel, tankar og kjensler. Saman kan dette skapa ein overordna heilskap og harmoni som får betraktaren til å slappa av og kjenna fred.

Me som menneske vil alltid søkja etter harmoni. Ein rik ornamentikk vert såleis ein meditasjon, der betrakteren vil senka skuldra, pulsen gå ned og ein vert meir mottakeleg for det talande ord. I ei tid som kan karakteriserast som ustabil og utrygg for mange, både når det gjeld natur, klima og miljø, pågåande konfliktar internasjonalt og politisk ustabilitet kan ornamentikken fungera som et visuelt språk me finn i alle kulturar, uavhengig av politikk og geografi. Ved å skapa kunstverk som vekkjer gjenkjenning og forståing kan kunstverka bidra til samhald og gjensidig tillit.

Denne utstillinga er bygd opp av måleri i ulike materialer. I tillegg vil Hesvik ha med to installasjonar ho har arbeida med siste året. I høve til 30- års markeringa av den tverrfaglege kunstorganisasjonen for Hardangerkommunane, Harding Puls fekk Hesvik tildelt prosjektmidlar til prosjektet  «Doggdråpar». I dette prosjektet knyter ho ornamentikken som det universelle språket saman med symbolikk og koloritt. 

Naturen fungerer for mange som ei kjelde til fred og ro i sinnet. For andre er det  ornamentikken som har vore grunnlag for oppleving av sinnsro. Ved å knytte elementa saman ynskjer ho å skapa biletkunst som kombinerer vakker natur og ornamentikkens meditative effektar. Installasjonen vil byggjast opp av trekuler, laga av kunsthandverkarane Anneli Brekke Engeland og Gunnar Nedrestøl. Kvar «doggdrope» vert bygd opp som et måleri, der ho nyttar dei klassiske gamle maleteknikkane. Trekulene vert måla i grupperingar der alle kulene har  ulik storleik. Kvar enkelt kule vert ein «doggdrope». I seriar på seks kuler i regnbogens fargar vil «doggdropane» danna regnbogen. Regnbogen representerer eit av verdas eldste symbol for fred: "Fred og Guds omsorg for alt  det skapte" (Biedermann symbolleksikon). Regnbogen er også eit symbol på håp, mangfald,  variasjon, samhald og fellesskap, som regnbogeflagget er mest kjend for. Regnbogen består  av tusenvis regndropar - doggdropar: "Drypp, i himler fra oven, og fra skyene strømme  rettferdighet ned" (Sitat frå Bibelen Esaias 45.8). Doggdropen er symbol for velsigningas nådegåver, og i den alkymistiske biletverd, eit symbol for utviklinga mot "dei vises stein"  (Biedermann symbolleksikon).

I ei uroleg verd er fred, eit symbol det er viktig å setja fokus på. Symbol som er felles,  uavhengig av politikk, kultur og religion. Symbol som gir håp for framtida. I installasjonen vil kvar serie av «doggdropar» ha ulik farge knytt til regnbogen og ornamentikken vil innehalda ulike symbol for fred frå ulike kulturar og religionar.  Å arbeida med det visuelle ornamentale språket videre inn i vår samtid har blitt viktig for Hesvik sitt skapande arbeid. Samstundes som ho vil løfta fram og formidla dei rike ornamentale kunsttradisjonane vi tuftar på i Hardanger.

Utstillingsperiode

18. juni - 23. august 2026

Heimesida til Anne Hesvik