Terje Meidell Skare

Om kunstnaren

Terje Meidell Skare syner utstillinga “Nertegnelser ved verdens ende” i Galleri N.Bergslien. 

Terje Meidell Skare (fødd i 1954, bur på Kjerrgarden/Askøy) er kjent som ein kunstnar med ein særprega stil frå Vestlandet. Han har halde på sin spesielle stil sidan han byrja i 1987. I 1994 hadde han ei utstilling i Haugesund Kunstforening, og kunstkritikar Trond Borgen skreiv positivt om han: «Bileta hans er unike samanlikna med andre norske målarar – han skil seg ut med ein personleg stil og bilete som vekkjer nysgjerrigheit.» (Stavanger Aftenblad, 9/11-1994).

Terje Meidell Skare studerte ved Vestlandske kunstakademi frå 1982 til 1987. Han har hatt eigne utstillingar i blant anna Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane (1990), Bergen Kunstforening (1991) og Haugesund Kunstforening (1994). Han har òg deltatt på Vestlandsutstillingen og Haustutstillingen. 

Teksten er henta frå https://listen.no/event/terje-meidell-skare-maleri

Om kunsten

Terje Meidell Skare skriv sjølv om kunsten sin som “Poetisk symbolisme”: 

Eg jobbar for det meste med oljemåleri som vel må karakteriserast som figurative – ofte store format då det gjev meg ein følelse av tettare, fysisk kontakt med motivet. Motiva eller innhaldet utspelar seg i eit mytisk-religiøst univers prega av ein personleg, erfaringsbasert symbolbruk – meir eller mindre lausreven frå kjent symbolikonografi frå diverse oppslagsverk. 

Bileta hamnar vel i kategorien «poetisk symbolisme», meint å vekka intuisjon og følelsar hos betraktaren, heller enn å gje logiske forklaringar. 

Skapningane som figurerer på dei fleste motiva er ein slags konfigurasjonar. Representantar for menneska si historie og utvikling; lausriven frå notid og plassert i ei mytisk ikkje-tid. 

Desse figurane opptrer ofte poserande i eit noko stilisert, kulisseliknande landskap og ber preg av å vera ein del av ei slags førestilling – noko teatralsk.

Førestillinga om mennesket sitt forhald til grunnkreftene i tilværet, om det å veksa ut frå ei uskuld, nærast medvitslaus tilstand innanfor ei naturmyte og over i ei antropologisk kulturmyte. Forteljingar om spenningsfeltet mellom natur-kultur, samanheng og spalting. Forteljingar om denne storslagne oppvakninga, frigjeving og erkjenning, men også forvirring, sjølvbedrag, angst og ei nær kvilelaus febrilsk søken etter forklaring. I denne søken eller vokster, i dette menneskeforetak, kall det gjerne opprør eller utvikling – er det eg finn inspirasjon og materiala til bileta mine. 

Som Trond Borgen skriv om bileta mine i Stavanger Aftenblad: «Stille går verden til grunne idet den skapes». Eg synest det fanger mykje av essensen i det eg arbeider med å synleggjera. 

Utstillingsperiode

18. april - 14. juni 2026

Heimesida til Terje Meidell Skare