Reglar garnfiske

Kart over fiskevatn

Garnfiskereglar

Garnfiskereglar gjeldande frå 25.01.2023

  1. Alle som har rett til det, og som vil utøva garnfiske i statsallmenningen, må løysa fiskekort for garnfiske. Garnfiskekortet er personleg, og andre kan ikkje fiska på det. 

  2. Fiske med garn er tillete frå og med 26. juli kl 08.00 til og med 7. september kl 18.00  (Unntak for vatn nemnt i pkt 8)

  3. Generelt kan det berre nyttast garn med maskevidde 45 mm (14 omf.) eller større i vatn innan Eidfjord statsallmenning som ikkje er nemnde spesielt.

  4. Det er ikkje lovleg å setja garn nærare inn- og utfallsos enn 50 meter. Garn må heller ikkje nyttast i elvar, bekker og loner.

  5. Garna skal vera tydeleg merka med eigaren sitt namn, og merka skal vera lett synleg.

  6. Eit garn skal ikkje vera lenger enn 30 meter og ikkje djupare enn 4 meter.

  7. I følgjande vatn er det ikkje tillete med større maskevidde enn 35mm (18 omf.): Drageidfjorden, Holbergtjørn, Dyratjørna, Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Fisketjørn, Langavatn N, Svartavasstjørn, Svartavatnet, Leirvatnet, Holbergtjørna, Lakadalstjørna, Bessevatn, Øvre Bessevatnet, Bismaren og Dimmedalsvatnet.

  8. Fiske med garn er tillete frå og med 1. juli kl 08.00 til og med 15. september kl 18.00 i følgjande vatn: Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Fisketjørn, Langavatn N, Leirvatnet, Svartavatnet, Svartavasstjørn, Holbergtjørna, Lakadalstjørna, Bessevatn, Øvre Bessevatnet, Gravagjeltjørn, Dimmedalsvatnet, Bismaren, Drageidfjorden og Dyratjørna.

  9. I Skaupsjøen kan det bare fiskast med garn med maskevidde 39mm eller mindre.

  10. I Hætjørn er det ikkje tillate med noko fiske.

  11. I følgjande vatn kan det etter avtale med fjellstyret opnast for fiske med garn til utanbygdsbuande; Halnetjørn, Inste og heimste Olavsbuvatn, Dalboretjørn, Skardtjenne, Langavatn N og Leirvatnet. Garnfiskekortet gjeld for ei veke og gir rett til å fiska med inntil 10 garn.

  12. I vatn sør for Nordmannslågen kan fjellstyret tillate tynningsfiske.

  13. Reglar om garndøgn i vatn sør for Nordmannslågen er mellombels oppheva.

  14. Generelt kan det fiskast med inntil 30 garn pr garnkort. I Tinnhølen og Kleivshovdtjørn kan det fiskast med inntil 10 garn pr garnkort, i Langavatnet inntil 15 garn pr garnkort.