Utleigereglar

  1. Hyttene skal i fyrste omgang leigast ut til innbyggjarar i Eidfjord kommune (bruksberettiga). Andre kan og leige hyttene når desse er ledige og ikkje er i konkurranse med nærliggande turisthytter. Dersom det er fleire som har søkt om å leige same hytta i same tidsrom vil fjellstyret føreta loddtrekning. Bruksberettiga går framfor utanbygdsbuande ved loddtrekking. Utanbygdsbuande i lag med bruksberettiga kan disponera hyttene når det ikkje er til fortrenging for bruksberettiga.
     
  2. Fjellstyrehyttene kan ikkje reserverast i reinsjakta. Så langt det er mogeleg skal alle bruksberettiga med jaktkort ha tilgjenge til hyttene, så lenge det er villreinjakt.
     
  3. Dei avtalar fjellstyret har med oppsynet, regulerer bruken av hyttene for deira føremål og gjeng utanom dei generelle reglane. Dette gjeld avlese rom i Tinnhølen, Langavasshadle, Gamla Sandhaug og Viersla.
     
  4. Utanom reinsjakta skal alle søkja/melda frå til ekspedisjonen på kommunehuset (tlf 53673500) om bruk av fjellstyrehyttene.
    a. Søknadsfrist for leige i påsken er 1. mars
    b. Søknadsfrist for leige på sumaren fram til reinsjakta er 1. juni.
     
  5. Fjellstyret har ved hyttene på Gamla Sandhaug og Drageidfjorden også båtar som kan lånast av alle bruksberettiga. Det er og kjøpt inn motor som kan brukast. Sjekk med fjellstyret om bensin og olja. Motoren på Gamla Sandhaug skal lagrast inne i hytta når det ikkje er folk tilstades i hyttene. Den enkelte brukar er ansvarleg for bruken av båt og motor, eventuelle skadar skal meldast til fjellstyret så raskt som råd. Fjellstyret oppmodar dei som sist brukar båtane om hausten om å dra dei opp og leggje dei i forsvarleg vinteropplag.
     
  6. I heilt spesielle høve har fjellstyret rett til å stengje av eller reserve ei kvar hytte dersom dette av utforutsette grunnar skulle vera naudsynt. Orienter deg difor med ekspedisjonen i Eidfjord kommune.
     
  7. Alle hyttene til Eidfjord fjellstyre er utstyrt med systemlås. Nøklar kan lånast i ekspedisjonen på kommunehuset. I samband med lån av nøkkel skal og alle få utlevert bankgiro for innbetaling av hytteleige. Det er og utlagt giroblankettar på alle dei meste brukte hyttene. Elles syner fjellstyret til ordensreglar som er oppsett på hyttene.
     
  8. Prisar for leige av fjellstyret sin hytter er fylgjande:

    Eidfjordingar
    Leige pr. person pr. døgn er kr. 100,-
    Born under 16 år gratis

    Utanbygdsbuande
    Leige pr. person pr. døgn kr. 300
    Born under 16 år gratis